Spanande samarbeid

Dette er ein kvintett med eksepsjonelt potensial.

Saksofonist Joe Lovano, her fotografert under Moldejazz i 2008, og trompetist Enrico Rava er hovudmennene bak kvintetten som har gjeve ut eit konsertopptak frå i fjor.
Saksofonist Joe Lovano, her fotografert under Moldejazz i 2008, og trompetist Enrico Rava er hovudmennene bak kvintetten som har gjeve ut eit konsertopptak frå i fjor.
Publisert

Denne konsertinnspelinga for knapt eit år sidan markerer truleg byrjinga på eit meir langvarig samarbeid mellom Rava og Lovano. Nokre konsertar med Miroslav Vitous og Tony Oxley hadde ført dei saman på scenen for tjue år sidan, før dei gjennomførte ein kort turné i november i fjor. I mars neste år er det duka for fleire konsertar.

Plata byrjar med dei to velprøvde Rava-låtane «Interiors» og «Secrets». Lovano introduserer temaet på førstnemnde og gjev det ein distinkt blåfarge, før dei to blåsarane utviklar temaet og Rava tek av i eit spørsmål/svar-kor. Rava gjev stafettpinnen vidare til Guidi, og Lovano avsluttar med å utfordra kompet skikkeleg. Her er det mykje som minner om Miles Davis sin seint-60-talskvintett. Også «Secrets» er ei fantastisk plattform for improvisasjon, der Rava syner seg fram på sitt mest inspirerte. Ein litt kantete bassfigur tek oss over i Lovanos karakteristiske blues «Forth Worth», der det er komponistens tur til å slå seg laus.

Rytmeseksjonen har alt. Sjølv om dei ikkje har spelt saman som trio før, ser ikkje dette ut til å hemma dei i særleg grad. Fleksibiliteten synest å vera grenselaus. Dei demonstrerer det titt og ofte, men kanskje på sitt mest elegante i Lovanos «Divine Timing».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement