Stillferdig stilblanding
Evelina Petrova hyllar mentoren Misha Alperin på First Dance.
Noregs musikkhøgskule i Oslo var tidlegare kjent som den mest ettertrakta norske utdanningsinstitusjonen for klassiske musikarar. Framleis står den klassiske musikken sentralt der, men i dag er skulen eit møtepunkt for utøvarar og komponistar innanfor mange musikkformer – i dette tilfellet norsk og russisk folkemusikk, element av improvisasjon, minimalisme og moderne jazz (av det lågmælte slaget, vel å merka).
Ofte er det noko søkt over alle desse merkelege samanblandingane av musikalske stilar/tradisjonar som frå før ikkje har hatt så mykje med kvarandre å gjera, men i dette tilfellet verkar det truverdig. Det kan nok ha samanheng med at eit førebilete for trioen er jazzpianisten og komponisten Misha Alperin (1956–2018), som i mange år arbeidde som professor ved Musikkhøgskulen. Og for han var det viktig å hjelpa studentane med å finna eit eige uttrykk, uavhengig av etablerte konvensjonar.
First Dance er i hovudsak basert på komposisjonar av Petrova og Alperin i tillegg til austeuropeiske folkesongar, men sett saman med element av hardingfeleslåttar og droneaktige tromboneklangar som ofte er elektronisk handsama. Syngemåten til Petrova kler dei russiske folketonane, og bakgrunnen hennar som klassisk akkordeonist – med disiplinert estetikk – kler den musikalske heilskapen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.