Strengt og fritt
Dans les arbres er ute med fjerde plate sidan debuten i 2008.
Ingar Zach, Ivar Grydeland, Christian Wallumrød og Xavier Charles på Nebbenes.
Foto: Sofa
Etter to plater på tyske ECM gav norske Hubro ut den tredje, medan den nyaste ikkje berre inneber nok eit skifte av plateselskap, til Sofa (også norsk); det er dessutan eit konsertopptak (frå Bologna).
Ukonvensjonelt
Og etter 150 konsertar over store deler av verda er det ikkje av vegen å høyra korleis det læt når Dans les arbres spelar med publikum til stades. Men det er stor skilnad på å sjå denne kvartetten i aksjon og berre å lyda. For sjølv om det vert spelt på velkjende instrument som klarinett, gitar, piano og slagverk, er det stort sett berre klarinetten og slagverket som av og til lagar lydar me assosierer med desse instrumenta. Stort skjuler musikarane lydkjeldene sine gjennom ukonvensjonell bruk, som til dømes preparert piano (manipulering av strengene ved å dempa dei eller stappa framandelement inn mellom dei).
Og nettopp det er noko som gjer plata gjevande å høyra på, sjølv om ei konsertoppleving der ein ser musikarane i uvanleg aksjon med instrumenta, inneber andre gode kvalitetar.
Musikarane har bakgrunn frå ulike typar moderne jazz, men dei fell ikkje for typiske freistingar som lyrisk melodikk, dramatiske utbrot eller å falla til ro i eit felles rytmisk mønster. Det er derimot tale om ein tilstand av lyd, som i dette tilfellet varer i 53 minutt. Og musikarar/plateselskap gjev oss ingen informasjon om korleis musikken er laga, eller om det finst idear bak komposisjonen.
Gode lydar
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.