Systematisk dokumentasjon

Knut Hamre har spelt inn alle slåttane til Anders Bonde.

Knut Hamre spela på folkefesten ved bygdetunet då dronning Sonja og kong Harald vitja Granvin 19. juni i år.
Knut Hamre spela på folkefesten ved bygdetunet då dronning Sonja og kong Harald vitja Granvin 19. juni i år.
Publisert

Hardingfelespelaren Knut Hamre frå Granvin i Hardanger ligg ikkje på latsida. I fjor gav han ut ein firdobbel CD med slåttar frå heimbygda. Også denne gongen er det eit systematisk dokumentasjonsarbeid som vert servert.

Utvida slåttekunne

Han har spela inn alle slåttar som kan sporast attende til spelemannen Anders Bonde (1850–1936) frå Vang i Valdres, som etter eit mindre vellukka Amerika-opphald hamna i Strandebarm i Hardanger, budde der resten av livet og vart ein svært omtykt spelemann i samtida. Og dei lokale spelemennene sette pris på å få utvida slåttekunna si med nye slåttar, som gjerne stamma frå Valdres. Hovudkjelda til Hamre var Lars Trones frå Norheimsund. I tillegg kom noteoppskrifter frå Arne Bjørndals samling ved Universitetet i Bergen.

Folkemusikkrørsla i seinare tid har gjerne honorert musikarar som dyrkar musikken frå sitt eige område, og det har vore viktig å byggja opp lokal identitet. Difor har gjerne musikk som ikkje passar inn i dette mønsteret, kome i bakgrunnen. Dette har Hamre vilja gjera noko med.

Plate og bok

I tillegg til dei 17 slåttane som er spela inn, er publikasjonen utforma som ei vakker lita bok, formgjeven av designaren Eva Karlsson. Boka har ein innleiande tekst av Jon Fosse der han fortel om grannen som spela slåttar etter «Bonden». Hovudteksten er ein grundig artikkel der John Ole Morken fortel om livet og musikken til Anders Bonde. Alt dette er dessutan omsett til engelsk, og boka er utstyrt med mange eldre fotografi.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement