Tyrannisk kjærleik
Ensemble Les Surprises gjev oss heilhjarta tolkingar frå Purcells halvoperaar.
Presist, men litt kjølig: den franske barokkgruppa Ensemble Les Surprises.
Foto frå Facebook
Under kong Karl II av England og bror hans, Jakob II, som overtok trona i 1685, hadde Henry Purcell hendene fulle som hoffmusikar. Begge regentane var nemleg begeistra for fransk hoffseremoniell, der storfelt musikk spelte ei nøkkelrolle. Dette endra seg etter «den ærerike revolusjonen» i 1688–89, då Vilhelm III av Oranien og Maria II overtok. Desse protestantiske regentane kutta kraftig i hoffmusikken, noko som gjorde at Purcell dei siste leveåra vende skaparkrafta si mot teateret.
Skodespel hadde den gongen alltid musikk, for sjølv om dramaet blei talt, var der musikalske innslag i byrjinga og mellom aktene. I tillegg fanst ei hybridform engelskmennene kallar semi-opera, der teksten blei vekselvis talt og sungen og dansa til. Sjølv om dramaa vanlegvis hadde éin forfattar, kunne ulike komponistar bidra med enkeltnummer.
Ikkje overspent
Det er musikk frå slike «halvoperaar» Ensemble Les Surprises gjev oss på albumet Tyrannic Love. Namnet er henta frå John Drydens tragedie Tyrannick Love, or The Royal Martyr (1669), som Purcell laga musikk til. Duetten «Hark, my Damilcar» frå fjerde akt er typisk for dramaet den gongen: Dei dødelege figurane (den heilage Katarina av Alexandria og keisar Maximinus Daia) talar teksten sin, medan overnaturlege vesen (to ånder) syng. Songarane Eugénie Lefebvre (sopran) og Etienne Bazola (baryton) presterer begge bra, med klår tekstuttale og dramatisk, men ikkje overspent, operaaktig klang.
Landleg død
Fleire komponistar kunne altså bidra med musikk til eitt og same teaterstykke. Plata presenterer fleire av Purcells samarbeidspartnarar, mellom anna John Eccles (1668–1735), som tonesette delar av The Comical History of Don Quixote (1694). Spesielt fin er gravferdssongen «Sleep, poor youth». Her syrgjer ei ung gjetarjente (sopranen Lefebvre), akkompagnert av tre blokkfløyter, instrumentet som i barokken symboliserte både det pastoralt landlege og døden sjølv.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.