Vandring gjennom elden
Songane til Yola høyrest ut som klassikarar frå første lytt.
Yola byr på ein melodiøs, velarrangert miks av country og soul av det organiske, varme slaget.
Pressefoto
Med «Faraway Look», den første singelen frå dagsferske Walk Through Fire, har Yola laga ein av årets store låtar – ein komposisjon som med sitt store løft alt ved første gjennomlytt høyrest ut som ein klassikar, som noko folk har nynna på i fleire tiår.
For det dreier seg om musikk med ganske markante røter i poptradisjonen. Er du glad i ei plate som Dusty Springfields Dusty in Memphis (1969), til dømes, vil det vere ein god idé å gi Yola ein sjanse.
Heilstøypt
Yolanda Quartey (35), som er det fulle namnet hennar, har i ei årrekkje figurert i ulike musikkmiljø i England, og vil for somme vere kjend frå Phantom Limb og Massive Attack. Her står ho fram som ein heilstøypt singer-songwriter med sitt første soloalbum.
Walk Through Fire er spelt inn i Nashville med Dan Auerbach som produsent, og med nokre av dei beste studiomusikarane byen kan by på. (Plata vert lansert i Nashville denne helga, mellom anna med butikkonsert i den framifrå platesjappa Grimey’s i kveld.) I eit intervju Yola nyleg gjorde med Rolling Stone, fortalde ho om kva ho og Auerbach strekkjer seg etter – ein estetikk og ein lyd «det er verdt å kjempe for», det vil seie ein melodiøs, velarrangert miks av country og soul av det organiske, varme slaget, fronta av ei elegant, markant røyst.
Melodiøs miks
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.