Vassviks oppdaterte animisme

Torgeir Vassvik held fram med det musikalske utforskingsprosjektet sitt.
Torgeir Vassvik held fram med det musikalske utforskingsprosjektet sitt.
Publisert

Med den første plata Sáivu frå 2006 representerte Torgeir Vassvik noko nytt innan samisk basert musikk. I tillegg til element frå joik har han nytta musikalske element frå andre urfolk, særleg sibirsk strupesong, og ofte samarbeidd med framståande musikarar innan moderne jazz, som Arve Henriksen, Anders Jormin og Jan Martin Smørdal. På andreplata Sápmi (2015) medverka dessutan samtidsmusikarane Ole Henrik Moe og Kari Rønnekleiv på fiolin.

Også på den nye plata har han knytt til seg to av dei mest særprega felespelarane me har for tida: brørne Hans og Rasmus Kjorstad. Dei har bakgrunn frå folkemusikken i Gudbrandsdalen, men er dessutan framifrå improvisatorar som ikkje er redde for å bruka instrumenta i meir eksperimentell lei.

Utforsking

Slik sett er den nye plata eit framhald av dette langvarige utforskingsprosjektet der Vassvik verken pretenderer å framføra «autentisk» joik eller meir konform og føreseieleg verdsmusikk. Sjølv seier han at han ynskjer å «oppdatere den animistiske tradisjonen», der alle tings samanheng er ein grunntanke. Dette kan ein sjå som eit verdsbilete eller livssyn, men den musikalske konsekvensen – i tilfellet Vassvik – er at desse svært ulike elementa, frå urfolksmusikk via moderne jazz til samtidsmusikk, smeltar saman på eit overtydande vis.

Bjeffing

Den intense vokalen står heile tida i fokus, men det er òg plass til lange, suggererande bluesaktige riff på ein skranglete akustisk gitar, og feleklangen smyg seg inn og ut av den rytmisk suggererande grunnpulsen. I tillegg førekjem elektroniske klangar, hundebjeffing og ei rekke folkeinstrument frå ulike stader i verda. Noko av det som hindrar at dette vert ein overflatisk stilistisk lapskaus, er at ein rett som det er lurer på kvar lydane frå kjem frå. Om ikkje anna: Dei kjem frå Vassviks heilt særeigne musikalske univers.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement