Samfunn

Regjeringa lokkar lillaveljarar

Jens Stoltenberg skaper entusiasme som ny finansminister. Men dei grunnleggande utfordringane i norsk økonomi blir ikkje borte av den grunn.

Knoll og Tott? Støre og Stoltenberg held pressekonferanse etter statsrådsskiftet.
Publisert

«Betre råd og tryggleik i kvardagen», var hovudbodskapen frå statsminister Jonas Gahr Støre då han presenterte den reine Ap-regjeringa tysdag. Samstundes åtvara han mot at Trumps tollpolitikk kunne gå hardt ut over norsk økonomi.

– Når Støre gjer Jens Stoltenberg til finansminister, vil han sende eit signal om trygg styring til veljarane, fortel Jonas Stein. 

Han er førsteamanuensis i statsvitskap ved UiT Noregs arktiske universitet og ein av forskarane bak Stortingsvalundersøkinga (SVU).

– Løftet om politisk og økonomisk tryggleik er det som fungerer mest effektivt når ein skal mobilisere veljarar. Det har både Stoltenberg og Støre sjølv erfart. I 2009 vann den raudgrøne regjeringa valet. Det var uventa. Valundersøkinga synte at berre 1 prosent var misnøgde med korleis den raudgrøne regjeringa hadde handtert finanskrisa. Stoltenberg lekamleggjer i stor grad denne typen tryggleik. Han overtyder neppe fleirtalet av protestveljarane som har gått til Frp, men han kan bidra til å vinne tilbake ein del lillaveljarar til Ap.

– Korleis vil Stoltenberg skilje seg frå Trygve Slagsvold Vedum?

– Vi vil nok sjå ein meir offensiv finansminister. Stoltenberg er varm EU-tilhengar og har kontaktar ingen andre norske politikarar har. Men han må òg løyse opp i spenningar, til dømes overfor dei europearane som reagerer på at Noreg har tent eit stort overskot på å selje energi under Ukraina-krigen. Her tenker forresten Stoltenberg annleis enn Vedum. Då han var Nato-sjef, argumenterte han for at vestlege land måtte bidra mykje meir i Ukraina. Det som ikkje endrar seg med ein ny finansminister, er utfordringane for norsk økonomi. Ein ny handelskrig kan gi ny prisauke. Då hjelper det lite å ha ein populær finansminister.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement