Abide With Me

Publisert Sist oppdatert

Saka «Soga til ein song» (Dag og Tid, 22. desember 2023) handlar om salmeteksten «Abide With Me» av den skotske diktarpresten Henry Francis Lyte, med ei ny omsetjing av teksten. Der heiter det at no kjem «for fyrste gong ei fullstendig norsk omsetjing av salmen».

Det siste er feil. Rett nok inneheld den mest nytta omsetjinga, Gustav Jensens «Aa bliv hos mig» (1915), berre fem av dei åtte strofene i originalteksten, men ti år etter kom ei fullstendig omsetjing av teologen og jærbuen Peter Hognestad, i boka Nynorsk salmebok for kyrkja og heim og møte (1925), med alle dei åtte strofene.

Her høver det å gjera merksam på artikkelen «Peter Hognestad som omsetjar» som professor emeritus Terje Aarset har skrive i Kirke & Kultur nr. 4, 2017.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement