Antiamerikansk relativisme
Hovudpoenget i min kritikk av artikkelen til Morten A. Strøksnes om amerikansk utanrikspolitikk i Dag og Tid 25. august, som han svarar på i førre utgåve, er at han reduserer krigen i Ukraina til ein maktkamp mellom stormaktene USA og Russland. Det er antiamerikansk relativisme av kjent merke. Strøksnes spring på denne måten Putins ærend og undergrev Ukrainas fridomskamp.
Eg held elles fast ved at Russland, men ikkje USA, i dag opererer med interessesfærar slik Store norske leksikon (SNL) definerer det: «et område som en stat ikke har formell suverenitet over, men som den mener den har rett (mi utheving) til å øve en særlig innflytelse over.» Så får det vera SNLs problem at det straks etter påstår at også USA «oppfører seg på en måte» som viser at dei gjer krav på interessesfærar.
I dag er det nemleg berre Russland som eksplisitt gjer krav på og meiner å ha rett til interessesfærar. Moskva omtalar dette som «privilegerte interesser». Desse gjeld spesielt i det russiske styresmakter kallar sitt «nære utland», og ikkje minst Ukraina. Men vi har god grunn til å frykta at Putin, som den imperialistiske nasjonalisten han er, eigenleg oppfattar heile Europa, ja, mesteparten av Eurasia, som Russlands interessesfære. Denne tankegangen inngår i ei putinsk geopolitisk lære om at Russland, USA, Kina og India er «sivilisasjonsstatar» (stormakter) med spesielle rettar i internasjonal politikk.
Uansett kva ein legg i ordet «interessesfære», er den store, kvalitative forskjellen mellom russisk og amerikansk utanrikspolitikk i dag at USA ikkje tvingar andre land over på si side. Land står i kø for å koma inn i Nato av eigen fri vilje. Trass intervensjonar som kan vera folkerettsleg diskutable, og i motsetnad til Sovjetunionen/Russland, legg heller ikkje USA under seg andre land på permanent basis, men prøver å atterreisa nasjonal suverenitet på demokratisk grunnlag. At USA og Vesten motarbeidar autoritære land som Russland og Kina sine forsøk på å undergrava demokrati, menneskerettar, andre lands nasjonale suverenitet og den etablerte, regelbaserte verdsordenen, er ikkje det same som at dei driv med «imperialisme», søker «globalt hegemoni» eller har «interessesfærar», slik Strøksnes kynisk framstiller det.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.