Arkitektur: «Heile vår klode vert einsretta i eitt allmektig formspråk.»

Modernisme ved Vøringsfossen.
Modernisme ved Vøringsfossen.
Publisert Sist oppdatert

I eit åtak på Arkitekturopprøret («Spor av tid i arkitekturen», Dag og Tid 4. oktober) samanliknar Ottar Grepstad kritikken av modernistisk byggeri med «foreldreaksjonen mot samnorsk» kring 1950. Den samanlikninga vonar eg Grepstad må vera nokså aleine om. Med dette plantar han debatten om det norske bygningsmiljøet på eit fåfengt blindspor.

Om det er noko som kjenneteiknar verda i dag, må det vera den vanheilage alliansen mellom ein globalisert storkapital og ein brutal arkitektur som knuser natur og landskap frå Los Angeles i vest til Shanghai i aust og lenger. Heile vår klode vert einsretta i eitt allmektig formspråk, alltid eins å sjå, der alle teikn til nasjonale, regionale og lokale merkesteinar vert utviska. I bustadbygginga starta modernistane med ein sosial bodskap, med eit program for å lyfta småkårsfolket, men stadig sterkare i dei seinare åra har det vorte ein arkitektur for makta og særleg pengemakta.

Den radikale samfunnstenkaren Ivan Illich peika på, i sitt skrift om tilhøvet mellom menneske og bygnader: «I løpet av den siste menneskealderen, mest overalt i verda, har lokalsamfunnet med overveldande maktmiddel vorte rana for si stadeigne busetjing.» (Dwelling, 1984.)

Rundt om i det globale sør kjem i dag fråsegner mot utarminga av nasjonale og lokale bygningskulturar. Det tidlegare mangfald kulturane imellom vert valsa ned av den same einspora modellen med det same formspråket etter mønster av den vestlege storindustrien, i ein avart av nykolonialisme, hevdar dei. (Sjå til dømes Pune Decaration on the State of Architecture in India, Pune, Maharashtra, 2020.)

Dette må vera eit aldri så lite steg frå foreldreaksjonen mot samnorsk, Grepstad!

Vi nordmenn har arva eit magisk landskap, i eit makelaust samliv med ein magisk bygningsarv. Korleis halda denne nasjonale skatten i hevd? I Dag og Tid har særleg Erik Solheim skrive ei lang rekkje artiklar med djupaste innsikt om korleis bygningsarven kan vølast og førast vidare inn i ei ny tid. Diverre har altfor mykje i bygd og by og i tettstadene vorte misforma i ein skapnad som har smadra magien i det norske landskapet, både i bokmålsland og i nynorskland, helst konstruert med klimaverstingen betong, og sletta alle spor etter nasjonal og lokal bygningsarv. Eg vågar å tru at Grepstad kan vera samd med meg i at for mykje av utbygginga dei siste tiåra har vore ei modernisme på vrang kurs.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement