Myanmar
Asias Ukraina
Denne kyrkja i Kanan i Sagaing i Myanmar vart skadd i målretta luftåtak i 2024. Minst 220 myanmarske kyrkjer har blitt øydelagde sidan 2021.
Foto: David Htan / AP / NTB
Fire år etter at militærjuntaen i Myanmar gjennomførte eit brutalt kupp, er Asias utgåve av Ukraina-krigen ein gløymd tragedie.
I kuppet 1. februar 2021 jaga juntaen i Myanmar (Burma) nasjonalforsamlinga på flukt, fengsla regjeringssjef Aung San Suu Kyi og slo brutalt ned fredelege demonstrasjonar. I dag kjempar væpna grupper blant dei etniske (og religiøse) minoritetane hardare enn nokon gong mot juntaen. Minoritetane lever i delstatar langs grensene mot Bangladesh, India, Thailand og Kina.
Det er, som Myanmar-kjennar Benedict Rogers formulerer det, ikkje ei overdriving å seia at dette er «Asias Ukraina – bortsett frå at inntrengjaren (...) er eit kriminelt innanlandsregime, ikkje ein utanlandsk stat».
Den amerikanske kommisjonen for internasjonal trusfridom (USCIRF) kalkulerer med at godt over tre millionar er på flukt. Juntaen har stabil kontroll over mindre enn femteparten av territoriet og tredjeparten av folket.
Måten juntaen går fram på mot minoritetsfolka i dag, minner sterkt om den brutaliteten som råka det hovudsakleg muslimske rohingyafolket i 2017. Då vart meir enn 700.000 fordrivne til Bangladesh. USCIRF karakteriserer brotsverka den gongen som folkemord. Mange tusen døde fall for gevær – eller for sverd som juntaens menn hadde delt ut.
Juntaen rettar omsynslause luftangrep mot landsbyane i minoritetsdelstatane, bombar skular, sjukehus, kyrkjer og andre religiøse bygg. Soldatar valdtek og torturerer.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.