Audiens hos diktarkongen i Weimar
Johan Wolfgang von Goethe, malt i 1828 av Joseph Karl Steiler. Andreas Faye (1827), malt av Peter Petersen (1794–1858)
Søndag 15. mai 1831 stod ein spent og nervøs 28-årig nordmann føre eit stort hus på Frauenplan 1 i Weimar.
Den 28. august i år var det 275 år sidan den store tyske statsmann, diktar og polyhistor Johann Wolfgang von Goethe (1749–1832) blei fødd. Mange var dei som ønskte å vitja Goethe i heimen hans i Weimar. Vi veit berre om éin nordmann som på reise i Tyskland oppnådde det.
Søndag 15. mai 1831 stod ein spent og nervøs 28-årig nordmann føre eit stort hus på Frauenplan 1 i Weimar. Han ville vera der på minuttet, for han skulle i audiens hos diktargeniet Johann Wolfgang von Goethe.
Den unge mannen var Andreas Faye. Han var fødd i Drammen i 1802, blei teologisk kandidat i 1828, og var frå 1829 adjunkt ved middelskolen i Arendal. Faye skulle snart stå fram som ein viktig nybrottsmann på 1800-talet. No i 1831 var han på studie- og danningsreise til Danmark, Tyskland, Austerrike, Italia, Sveits og Frankrike.
Faye var teolog av utdanning, men først og fremst såg han på seg sjølv som historikar. Før han la ut på reisa i 1831, hadde han levert ei omfattande noregshistorie til trykking. Han la vegen om Goethes by Weimar med eit håp om å få møte den store statsmannen og diktaren.
Dette tiltaket vitnar om ein uvanleg initiativrik ung mann. Det var nemleg ikkje lett å få audiens hos Goethe. På reisa gjennom Europa hadde nordmannen møtt ei rekke kjende vitskapsmenn og kunstnarar. Viktig for å få til vitjinga hos Goethe var at han hadde blitt kjend med historieprofessoren Heinrich Luden i Jena. Luden rådde Faye til å leggje vekt på at han kom frå det vesle landet Noreg. Da ville det bli lettare å få audiens, meinte Luden. Og med det rådet sette Faye djervt i gang.
Laurdag 14. mai oppsøkte han Goethes hus og bad hustenaren spørja for han om ein audiens var mogleg. Han hadde skrive ønsket sitt på ein papirlapp. Å presentere seg som nordmann viste seg å ha den ønskte effekten. Da tenaren kom attende, kunne han fortelja at Faye kunne koma til audiens dagen etter kl. 13.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.