Aukrust i bakevjaLitteraturhistorieØystein HovdkinnI si melding av Jan Inge Sørbøs skriv Geir Mork: «I kapitlet ‘Den store nynorske romantikken’ skriv Sørbø med begeistring, særleg om poetane Aukrust, Rytter og Nygard. Han hevdar at lyrikken mellom 1905 o

Olav Aukrust (1883–1929).
Olav Aukrust (1883–1929).
Publisert

I si melding av Jan Inge Sørbøs Nynorsk litteraturhistorie skriv Geir Mork: «I kapitlet ‘Den store nynorske romantikken’ skriv Sørbø med begeistring, særleg om poetane Aukrust, Rytter og Nygard. Han hevdar at lyrikken mellom 1905 og 1930 er ‘eit høgdepunkt i nynorsklitteraturens historie’. Men han må konstatere at ‘få i dag veit om dette’. Alternativt kunne ein med utgangspunkt i det som samtidig braut gjennom i nordisk poesi, ha drøfta om desse poetane kom til å representere ei bakevje eller ein blindveg?»

Her tykkjer eg det er Mork som gjev seg inn på ein blindveg.

Diktaren og litteraturkritikaren Alf Larsen skreiv ein gong at «Ingen annen norsk dikter naar Olav Aukrust til knærne». Alf Larsen hadde det med å ta sterkt i, men eg vil meine at han låg nærare ei rettferdig vurdering av Aukrust enn Morks implisitte nedvurdering.

Vi er truleg fleire enn Sørbø fryktar og Mork vonar som framleis held Olav Aukrust høgt i ære som diktar.

På si vandring frå det lokale via det nasjonale og opp til det universale utfalda Aukrust ein eineståande språkleg meisterskap, ein overveldande humor, og gav oss del i visjonære syner som knapt nokon annan norsk diktar før eller etter han. Finst det t.d. andre norske diktarar som har brukt og odla eigen dialekt og lyfta han opp til eit slikt litterært nivå som Aukrust gjorde?

Så Olav Aukrust skulle høyre heime i ei bakevje?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement