Ordskifte

Båt og tradisjonar

Småbåttradisjonen er sterk langs norskekysten. I dag er dei fleste båtar langt større enn denne. Foto: Askeladden
Publisert

I Dag og Tid 14. februar ottast Tor Kjetil Gardåsen for fråværet av tradisjonsbåtar i norske kystlandskap. Ikkje minst for turistane skal dette vere leitt. Når dei forevigar dei finaste plassane langsmed kysten, lyt dei få fleire gamle trebåtar med på bileta. 

Gardåsen tilrår planlagd utplassering av lokale tradisjonsbåtar, om eg forstår han rett.

Båten på biletet som illustrerte lesarbrevet frå Gardåsen, er ein plastbåt. Men det er òg ein robåt. Rett nok har han fått ein liten akterspegel, så det er mogleg å nytte påhengsmotor. Men i hovudform og med imitert klinkbygnad og keiper er formspråket elles så «tradisjonsnorsk» som det kan vere. Biletet syner ein båt som ikkje kunne ha vore laga nokon annan plass enn i Noreg. Høveleg fortøying har han òg.

Eg undrast: Gardåsen er ein røynd etnolog. Han veit at tradisjon framfor alt tyder overlevering – at det ikkje er noko statisk. Ein sterk tradisjon har større kraft til å ta opp i seg nye impulsar enn ein svak tradisjon. Båten som illustrerer lesarbrevet hans, syner nett styrken i norsk båtbyggjartradisjon.

Eg har sjølv to trebåtar og gler meg over handverk, utsjånad og heilskap. Eg trur òg det har verdi at gamle handverksteknikkar vert overleverte. Trevyrke og byggjeteknikkane som høyrer materialen til, er likevel ikkje det viktigaste å akta på i alle samanhengar. 

Og Gardåsen sine tankar om noko ein kunne vere freista til å kalle ei estetisk nyordning av Kyst-Noreg, gir meg heilt galne assosiasjonar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement