Bendelorm eller innovasjon?
Kva ville Gerhardsen sagt, spør Tore Thorsen.
Foto Bjørn Sigurdsøn / NTB
«Det har vært god butikk å stelle eldre og syke og ta seg av barn på statens regning», skriv Mari Skurdal i Klassekampen. Ho viser til at fleire av dei som drar ut offentlege pengar på drift av eldreomsorg og barnehagar, står på lista over Noregs 400 rikaste.
Jan Erik Grindheim, som håpar at fortenesta til kommersielle aktørar i omsorgssektoren ikkje må bli for høg (Dag og Tid 22. september), ser med andre ord ikkje ut til å få ynsket sitt oppfylt. Det tyder heller ikkje dei milliardane på som hamnar i Sveits av skattetekniske grunnar, dei som mellom anna stammar frå kjøp og sal av barnehageeigedommar.
Det går an å tena pengar på det meste, berre ein er kreativ nok. Offentlege tenester blir sette ut til private når det gjeld til dømes asfaltlegging, husbygging og søppeltømming. Men det er også blitt lov for kommersielle aktørar å tena pengar på sårbare menneske – på barn, alderdom og sjukdom. Det er på det sistnemnde området at inntektsmarginane ser ut til å vera størst.
I mitt gamle hovud går det ei anstendigheitsgrense her, og eg reknar meg på ingen måte for meir moralsk høgverdig enn andre folk. Den dagen eg måtte hamna på alders- eller sjukeheim (det treng ikkje bli så svært lenge til), vil eg at dei tilsette som steller meg, skal ha gode arbeidsvilkår og skikkeleg lønn for arbeidet sitt. Men eg ville kjenna det nedverdigande dersom utanforståande private interesser såg på meg som ein forretningsidé som det gjekk an å tena pengar på.
Dei offentlege velferdsordningane var meinte som eit spleiselag, ei trygd for alle som før eller seinare i livet treng hjelp. Dette var det skattepengane skulle gå til. Det var neppe i tankane til dei som i det førre hundreåret bygde velferdsstaten med knappe midlar, at utanforståande, private forretningsinteresser skulle kunna forsyna seg av kaka. Men slik er det altså, med politisk velsigning. Så kan ein kalla det det ein vil: innovasjon og «nye løsninger» eller bendelormøkonomi og velferdsprofitt. Ei utholing av den pengepotten som var meint til felles velferd, er det i alle fall.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.