Bør nasjonalegoisme styre vårt forhold til EU?

Å seie opp EØS-avtala ville vere ei stor ulukke for norske verksemder, skriv Jan Erik Grindheim, professor og statsvitar i tankesmia Civita.
Å seie opp EØS-avtala ville vere ei stor ulukke for norske verksemder, skriv Jan Erik Grindheim, professor og statsvitar i tankesmia Civita.

Å seie opp EØS-avtala er ikkje nokon veg å gå for å styrke det norske folkestyret, slik leiar i Nei til EU Einar Frogner seier.

Publisert Sist oppdatert

Å seie opp EØS-avtala er ikkje nokon veg å gå for å styrke det norske folkestyret, slik leiar i Nei til EU Einar Frogner seier i Dag og Tid 15. mars. Det norske folkestyret vil tvert om verta styrkt om Noreg vert medlem i EU, sidan me då ville få innverknad på politiske vedtak som i alle høve styrer vår kvardag, om me held på EØS-avtala eller går for bilaterale avtaler med EU slik Frogner vil.

Noreg er eit lite land med ein open økonomi i verdas periferi. Og som alle andre land med open økonomi handlar me mest med våre naboar, dei nordiske landa, som er medlemmer i EU, og Storbritannia.

Storbritannia er den største einskildmarknaden vår, ikkje minst saman med Tyskland når det gjeld olje og gass. Men EU-landa er langt viktigare for vår fastlandsindustri. Difor må me halde på EØS-avtala, eller søkje medlemskap i EU, så me òg kan få politisk innverknad på vår eigen kvardag.

Store verdiar

I dag kjem snart kvar tiande sysselsett her i landet frå eit EØS-land, og det er vanskeleg å tenkje seg at norske verksemder og offentleg sektor skulle kunne halde oppe det same produksjonsnivået framover som no utan desse arbeidstakarane.

Det same gjeld den frie tilgangen norske verksemder har til den indre marknaden i EU, med rundt 450 millionar innbyggjarar. I 2022 gjekk 72,2 prosent av norsk fastlandseksport til Europa.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement