Dag og Tids line

Publisert

I eit krast innlegg i Dag og Tid førre veke ymtar Ánde Somby om «mørke celler», at «noko er illeluktande», og at Dag og Tid i serien «Om det norske og det samiske» kjem med ei dritpakke til det samiske samfunnet. Til slutt stiller han spørsmålet om Dag og Tid må sjåast på som eit samefiendtleg medium.

Det er skuffande at ein vitskapleg tilsett i jus ved eit universitet kjem med slike alvorlege insinuasjonar utan å grunngje dei skikkeleg. At Dag og Tid på Sombys oppmoding skal måtte erklæra seg for eller mot det samiske samfunnet, er urimeleg, og det gjev grunn til å spørje om Somby har skjøna kva slags rolle pressa har, og korleis ordskiftet bør gå føre seg i eit fritt og demokratisk samfunn.

Ein kan vera samd eller usamd med Strøksnes’ utgreiingar, vektleggingar og synspunkt. Ein kan òg diskutera om Strøksnes har lukkast med si framstilling. Men det er ikkje noko samefiendtleg i tekstane hans. Utgangspunktet hans er ein respekt for samane, samisk historie og kultur.

Innlegget til Somby syner at det er altfor lite for rom for sakleg usemje rundt mange av dei temaa serien «Om det norske og det samiske» tek opp. Det Somby kallar «det samiske samfunn», rommar eit stort mangfald, med ulike meiningar og til og med interessemotsetnader. Nokre av desse kjem ofte fram i samane sitt eige politiske organ, Sametinget.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement