Dag og Tids pakke til samane
Eg vil takke redaktør Gjerdåker for svaret i Dag og Tid 5. mai 2023. Der det er dialog, er det von.
Eg tar det for god fisk at serien ikkje er gjort med «vikarierande og ufine motiv», og legg til grunn at journalisten som er sett til å lage Dag og Tids serie om samiske forhold, har gjort det han hadde kapasitet til. Kanskje han hamna i same vanskelege situasjon som Doktor Allvitande frå Brørne Grimms eventyr? Vår «allvitande» kom diverre ikkje like heldig ut av det som han i eventyret.
Kva er det som har gnaga Dag og Tid då dei teikna det svært forteikna portrettet av Katya Garcia Anton? Er det fordi ho er utlending, at ho forheld seg til internasjonale diskursar på kuratorfeltet, at ho er den første kuratoren som løfta samisk kunst fram på den internasjonale kunstscena, at ho er kvinne, eller er det ein kombinasjon av desse forholda? Dag og Tid-redaktøren har forsikra oss om at serien, inkludert portretteringa, ikkje er gjord med vikarierande og ufine motiv.
Kanskje det blei ein skrens då?
Journalisten har òg kome i skade for å tolke kjeldene på ein omtrentleg og til tider misvisande måte. Til dømes hevder han at dei ikkje får byggje gang- og sykkelsti i Hammerfest fordi FN har bestemt noko om ein demning i Peru. Der spelar han på ein FN-skepsis, underslår at det dreier seg om tolkinga av ein menneskerettskonvensjon, og at det er FN menneskerettskomiteen som har statuert at det finst ein terskel for kor mange og store inngrep urfolk må tåle. Det gir lesaren eit feilaktig inntrykk av kva avgjerda faktisk inneber.
At ILO-konvensjon nr. 169 vart ratifisert på ein lemfeldig måte, er ikkje berre ein håplaus, men òg ein hjelpelaus påstand. Konvensjonen gjekk gjennom grundige førebuingar og alle formelle og rettmessige diskusjonar før ratifiseringa. Det vart arrangert høyringar der ulike sider av saka, både negative og positive, vart belyste. Ein fyldig stortingsproposisjon låg til grunn for det endelege vedtaket. Å hevde at ratifiseringa var lemfeldig, er ein ukvalifisert og meiningslaus påstand om den omfattande prosessen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.