«Dei som kritiserer storleiken på utgiftene til offentleg sektor, kjem sjeldan med forslag om kva som skal reduserast.»
Framover vil etterspurnaden etter helse- og omsorgstenester auke i takt med ei aldrande befolkning.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Med jamne mellomrom kjem det utsegner om at offentleg sektor har blitt for stor, og den klassiske påstanden om at privat sektor skaper verdiar, medan offentleg sektor bruker verdiar.
Verdiskaping oppstår når det er behov for ei vare eller teneste. Og det skjer både i offentleg og i privat sektor. Begge sektorane leverer det folk etterspør.
Det er forskjell på offentleg sysselsetjing, offentleg sektor og offentlege utgifter. Desse storleikane vert altfor ofte blanda saman.
Det vert hevda at offentleg sektor sin del av økonomien utgjer om lag 60 prosent av BNP, men det stemmer ikkje. Offentlege utgifter er ikkje ein del av bruttonasjonalproduktet. Offentlege utgifter utgjer blant anna store overføringar til private, til bedrifter og til kjøp frå privat sektor. Offentleg utgifter til «næringsformål» er også er ein del av offentleg sektor.
Om ein skal samanlikne storleiken på privat og offentleg sektor, må ein sjå på sysselsetjinga. Prosentdelen som jobbar i offentleg forvaltning, staten og fylkeskommunar, har vore nokså stabil på om lag 30 prosent dei siste åra. I perioden frå 3. kvartal 2021 til og med 4. kvartal 2023 er det blitt 135.000 fleire sysselsette i Noreg. Flest av desse, 80 prosent, har kome i privat sektor.
Dersom ein ser på den offentlege og den private delen av BNP for Fastlands-Noreg, det vil seie dei faktiske verdiskapingstala utanom oljeindustrien, og ikkje berre utgiftene, så vil delen til offentleg sektor ikkje vere 60 prosent, men 25 prosent. Det er eit faktum at om lag 75 prosent av verdiskapinga skjer i privat sektor.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.