Demokrati og nasjonalstat

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

I Dag og Tid nr. 33 har Øyvind Røen ein kommentar til min artikkel om høgredreiing og autoritetssvikt i ulike land i Dag og Tid nr. 32. Eg er takksam for innlegget som gjev meg høve til nokre presiseringar.

Røen er ikkje samd med mitt breie sveip om det eg ser som den store konflikten i verda i dag: Mellom arven frå opplysingstida med kravet om rasjonalitet, toleranse, sekularisering og vitskapsrespekt på den eine sida, og synet på politikk som ein kamp mellom vener/fiendar, lokalistisk nasjonalisme, irrasjonalitet og antikosmolittanisme (fiendskap mot universell moral). Eg held fast ved at på det generelle planet dreier dette seg om den gamle spenninga mellom tyranni og fridom.

Røen har heilt rett i at dette fort blir for abstrakt og historielaust. Denne ramma treffer nok ikkje heilt godt norsk historie. Eg er samd med Røen i at norsk nasjonalisme i hovudsak er demokratiserande. Men gløym ikkje fornorskinga av samefolket og kyrkja si rolle her, handsaminga av dei reisande og romane, antisemittismen, ishavsimperialismen og NS-ideologiens røter i vikingtid og norrønkultus. Det er nok av skuggesider ved denne arven, autoritære drag og innadvendt nasjonalisme. Men Røen har gode poeng her.

Dei som meiner at nasjonalstaten er den beste ramma for politikk, er sjølvsagt ikkje per definisjon autoritære. Her les Røen meg særs vrangviljug. Poenget mitt var å drøfta korleis desse nasjonalstatane er utsette for påkjenningar og kriser som gjer dei meir og meir ustyrbare. Og ja, liberal nasjonalisme er fullt mogleg og kan sameinast med internasjonal solidaritet. Me er samde om synet på den aggressive kapitalismen som gjer folk til robotaktige konsumentar, ikkje medvetne borgarar.

Me skiljast derimot i synet på EU, som trass i avstanden mellom folk og styresmakter (demokratisk defisitt), er best eigna til å sivilisera kapitalismen, stå for ein betre miljøpolitikk og sikra demokratisk styreform i ei verd av uhyggelege åtak på menneskerettane og det konstitusjonelle folkestyret. Men denne debatten får me ta ein annan gong.