Den folkerettslege statusen til Gaza

Villhundar på israelsk side av grensa mot Gaza 1. januar 2024.
Villhundar på israelsk side av grensa mot Gaza 1. januar 2024.
Publisert

Dag T. Elgvin går i Dag og Tid 22. desember i rette med måten eg legg fram den folkerettslege stoda på Gaza på. Elgvin har leita fram tilleggsreglementet til den fjerde Haagkonvensjon av 1907. Der har han i artikkel 42 funne ei setning om at «ein okkupasjon gjeld berre på landområdet der autoriteten [til den fiendtlege hæren] har vorte etablert og kan utøvast». Elgvin held fram at sidan israelske styrkar i 2005 drog seg attende frå Gaza, har jo ikkje den fiendtlege hæren slik autoritet. Følgjeleg konkluderer han med at Gaza ikkje kan vere okkupert, og at underteikna har teke feil om den folkerettslege stoda på Gaza.

Elgvin trekkjer òg fram ei rekkje moment som er interessante og kan diskuterast, men som ikkje har relevans for spørsmålet om den folkerettslege statusen til Gaza. Eg skal halde meg til det spørsmålet åleine.

Eit område kan vere okkupert i folkerettsleg forstand på to ulike måtar. Det kan ha folkerettsleg status som okkupert territorium (ad bellum), eller partar kan vere underlagde reglane for okkupasjon i sin omgang med området og befolkninga (in bello).

La oss ta det siste først. Okkupasjonsretten, som òg er folkerettsleg sedvane, gjeld når ein framand styrke har «effektiv kontroll» over eit område som styrken ikkje har suverene rettar til. Israelske domstolar la til grunn at okkupasjonsretten gjaldt for israelske militære og sivile styresmakter på Gaza før 2005. Det har vore mykje diskusjon om korleis Israels tilbaketrekning frå Gaza i 2005 har påverka dette, både i israelsk høgsterett og i FN-organ.

Då Israel innførte blokade av Gaza i 2006, og stramma til i 2007, vart dette av dei fleste jamført med «effektiv kontroll», slik at pliktene og rettane under okkupasjonsretten framleis regulerte forholdet i stort. Sjølve blokaden er til dømes eit verkemiddel som har heimel i okkupasjonsretten. Israelske styresmakter erklærte i 2007 Gaza for «fiendtleg territorium styrt av terrororganisasjonen Hamas» og meinte seg friteken frå plikter under okkupasjonsretten.

Fram til bakkeinvasjonen i 2023 har det vore stor usemje om verknadene for ulike delar av okkupasjonsretten. Etter kvart som den israelske hæren no erklærer «effektiv kontroll» i utvalde område på Gaza, er spørsmålet ikkje lenger omtvista. Israelske styrkar er bundne av reglane for militær okkupasjon etter kvart som dei får «effektiv kontroll» over landområde på Gaza. Spørsmålet om okkupasjon in bello er altså i stor grad avhengig av kva Israel gjer.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement