Den svake krona
Illustrasjon: Anton Watman / Shutterstock / NTB
Kronikk
Kva skjer når krona er så svak? Bør vi halde på inflasjonsmålet på 2 prosent?
I det siste har søkjelyset vore retta mot den svake krona. Dette har blitt teke opp også i Dag og Tid av journalist Jon Hustad (Nr. 24, 2023). I drøftinga i media har ein påpeika at renta er låg, mindre vektlegging på olje og gass, og at risikoen for å investere i Noreg har blitt større.
I denne artikkelen skal eg konsentrere meg om andre moment knytte til kronekursen. I 2002 innførte Noreg eit inflasjonsmål på 2,5 prosent, som seinare blei senka til 2,0 prosent. Tidlegare har strategien vore å ha ein fast stabil kronekurs.
Så lenge ein held fast på frie kapitalrørsler, mistar ein styringa av renta ved fast kronekurs. Noregs Bank måtte då i gode tider halde renta låg for å unngå at krona blei styrkt, og i dårlege tider heve renta for å gjere krona attraktiv for finansielle investorar. Dette gav uheldige utslag.
Ved omlegging til inflasjonsmål oppnår ein meir kontroll over rentenivået samstundes som dette skulle sikre ein forsvarleg økonomisk politikk og stabil økonomisk utvikling. Med over 20 års erfaring med inflasjonsmål er spørsmålet korleis dette har fungert.
Kronekurs og inflasjonsmål
Noreg har ein svært open økonomi med stor handel med utlandet. Det inneber at mykje av det vi produserer, blir selt til utlandet, og at ein stor del av forbruket vårt er framstilt i andre land. Ei endring i kronekursen slår inn på importprisane, og det gjev betydeleg utslag på konsumprisindeksen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.