Den tredje søyla?

Publisert

Rune Slagstad seier at for han «står Andreas Aarflot og Helge Hognestad som to søyler i den norske kyrkja som folkekyrke, ikkje dei to einaste, men to viktige søyler».

Eg vil gjerne peika på ei tredje søyle, som Slagstad gøymer vekk på ein litt merkeleg måte. Han snakkar om at Hognestad har ein vidare erfaringsteologisk horisont enn den «individuelle sjølvrealiseringa» i 68-generasjonen. Dersom Slagstad tenkjer på 68-generasjonen i kyrkja, kjenner eg ikkje igjen eit slikt bilete. Der var det ikkje ei subjektivistisk vending, men ei vending til ein vidare horisont, til frigjerings- og solidaritetsrørsler internasjonalt og lokalt.

Vi var òg opptatte av ei demokratisering av kyrkja og kyrkestyret. Mange av oss i krinsen rundt Alternativt Arbeidsfellesskap i kyrkja med bladet «Teologi for menigheten», høyrde også til støttespelarane til Hognestad. Til dømes høyrde eg til dei mange som ikkje kom inn i Høvik kyrkje til innsettinga til Helge Hognestad og kunne holde ein appell basert på preika, som Helge hadde delt med meg på førehand.

68-generasjonen er blitt ein sterk tradisjon i den norske kyrkja som langt på veg har tatt over etter den pietistiske tradisjonen. Hognestad er ein særs viktig impuls til ein opnare religiøsitet, men det er fleire innspel i denne utviklinga: kvinner på alle nivå, som totalt har endra biletet av kyrkja; ein økologisk etikk og spiritualitet; opning for mangfald når det gjeld kjønn, seksualitet og etnisk identitet.

Slagstad har rett i å peike ut Hamar Bispedøme som ein stad for Hognestad. Biskop Hille var med å finne ei løysing då Hognestad måtte slutte i Høvik. Hille var styreleiar i Christopher Bruun-stiftinga knytt til Gausdal prestegard, som var tilknytinga då Hognestad vart statsstipendiat. Kristian Schjelderup (cf. Pål Repstad, Mannen som ville åpne kirken) og Rosemarie Køhn var tydelege på å opne kyrka, også for dei som ikke kjende seg verdige. Statuen av Rosemarie Køhn som nett er reist ved Hamar Domkyrkje ber innskrifta «Ingen tro er for liten».

Eksempla frå Hamar er innlegg i debatten om kva folkekyrkja er. Slagstad skisserer opp ei motsetning mellom ein «konsensustradisjon» med vekt på dogma, som Aarflot står for, og «erfaringsteologi» med vekt på subjektive religiøse opplevingar, som Hognestad representerer.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement