Krig og fred

Den vanskelige freden

Freden etter Ukraina-krigen vil vera lett å bera for USA, men særs vanskeleg for den europeiske politiske eliten.

Droneåtak mot Kyiv i februar i år.
Publisert Sist oppdatert

Her kjem nokre spørsmål til politikarane.

Freden er mindre øydeleggjande, men ofte meir komplisert, enn krigen; det veit me frå Versailles-freden, Korea, Balkan, Irak, Libya og mange andre land. Paradoksalt nok var Sovjetunionen, opphavet til Russland, med på å skipa ein fred med Finland som i det store og heile var særs vellukka – Finland blei både fredeleg, rikt og fritt. Freden etter Ukraina-krigen vil vera lett å bera for USA, men særs vanskeleg for den europeiske politiske eliten. Spørsmål melder seg i fleng:

1. Er Russland på erobringstokt i Europa, med Ukraina som fyrste offer?

Kor er provet for at dette er tema i nyare russisk politisk debatt, rapportar og analyser? Er det ikkje snarare vårt fantasifoster for å tvinga fram ein svartkvit tankegang? Og viss dette verkeleg er vårt syn, er ingenting meir meiningsfullt enn framhald av krigen for å stogga Russlands ekspansjon vestover; då er det heller ikkje meiningsfullt å forhandla om fred.

2. Er dialog- og lyttebasert diplomati mindre effektivt enn trugsmålsdiplomati?

Me har gløymt at effektivt diplomati er dialog med – og lytting til – fyrst og fremst dei som tenkjer og prioriterer annleis enn oss, ikkje posisjonering, skuldingar og avvising av dialog. Amerikansk «all options on the table»-diplomati har vore ein slett læremeister – betre då stilen til indiske S. Jaishankar, russiske Sergej Lavrov og kinesiske Wang Yi.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement