Medisin

Diabetes type 2 er ein livsstilssjukdom

Ei kvinne med diabetese type 2 gjer klart ei sprøyte med insulin.
Publisert Sist oppdatert

I spalta « Medisinsk » skreiv eg nyleg at diabetes type 2 er ein livsstilssjukdom knytt til overvekt og fysisk inaktivitet. Ane Landøy er usamd og hevdar i eit lesarbrev at sjukdomen er «genetisk og arveleg» og kan råka både slanke og fysisk aktive individ. 

Det blir feil og stigmatiserande, skriv ho, å nytta omgrepet livsstilssjukdom.

Landøy har rett i at arvelege faktorar påverkar risikoen for å utvikla diabetes type 2. Alder og kjønn spelar òg inn, men det er lite me kan få gjort med det. 

Difor er det vel så interessant å studera andre risikofaktorar. Reint fagleg er det inga usemje mellom endokrinologar (hormonspesialistar), nevrokirurgar og andre medisinarar om at usunn livsstil aukar risikoen for ei lang rekkje sjukdomar, inkludert diabetes type 2.

Tal frå Helseundersøkingane i Nord-Trøndelag (HUNT) viser at personar med markert overvekt (kroppsmasseindeks kring 30) hadde 20 gonger større risiko enn dei slanke for å utvikla diabetes type 2, og endå større risiko dersom midjeomkrinsen var stor.

Som Diabetesforbundet skriv på heimesidene sine: «...overvekt, stillesitting og usunne levevaner er ofte det som utløser sykdommen. Tar du grep, kan du holde sykdommen i sjakk og unngå å utvikle alvorlige komplikasjoner».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement