Distriktsjordbruk utan framtidstru
Omstilling har blitt sentralt omdreiingspunkt også i jordbruksdebatten. Rådande politikk utløyser sentralisering og nedlegging. Nedleggingstakten ligg på snautt ein prosent per år, eller snautt eitt bruk i gjennomsnitt kvar dag. Registrerte bruk i drift er komne ned på om lag 35.000.
Resultatet av slik trend er eit distriktsjordbruk som blør og blir tømt for rekruttar og framtidstru. Noko som slett ikkje er i tråd med overordna politisk mål om matproduksjon i heile landet. Dette er eit mål som kviler på brei semje, men der praktisk politikk i staden stimulerer til utvikling i motsett lei. I dag fungerer målet som kosmetisk pynt utan gjennomsyringskraft. Slik kan me ikkje ha det i småbrukarlandet Noreg.
Med andre ord: for å koma i takt med vedteken målsetjing må det omstilling til. Det vil krevja tøffe politiske prioriteringar. Slik lyt det vera i dette landet der berre eit politisk styrt jordbruk kan sikra den matproduksjonen frå nord til sør som me ynskjer.
Om me så ser inn i glaskula på leit etter framtidsjordbruket me ynskjer oss, kva ser me då?
Då ser me framom alt eit jordbruk i samsvar med vedtekne mål og som på same tid maktar å koma rådande samfunnstrendar i møte. Det vil seia at motpolar i debatten lyt krypa opp or skyttargravene. Raudt kjøt og grønt må finna leveleg balansepunkt til liks med dei som heiar på ulv eller sau.
Me ser framtida formast gjennom konstruktive kompromiss, ikkje gjennom fastlåste og konfliktfylte posisjonar. Me opplever eit offensivt jordbruk i høve til vedtekne miljøkrav, men utan å forlata grunnplanken med basis i fotosyntese og naturlege biologiske prosessar der karbonfangst og lagring blir naturleg del av drifta. På ein gard blir omgrepet berekraft meiningsfullt gjennom det å ta vare på, føra vidare og ikkje bryta ned.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.