Dritpakke frå Dag og Tid?
Det er ei stund til jul. Dag og Tid har likevel pakka ein drittpakke til det samiske samfunnet. Med journalisten Morten Strøksnes som julenisse har det samiske demokratiet (Sametinget), samiske næringar (reindrifta) og den delen av det samiske samfunnet som gjev seg til kjenne som samar (sameaktivistar), fått sine pass påskrivne over tre episodar.
Væpna med omtrentlegheiter, insinuasjonar, halvsanningar og ein stor dose tendensiøs utlegging av materiale gjev Dag og Tid-nissen seg trøystig i veg. Essayforma kan vere høveleg for den typen åtak. Då kan avisa tenkje «skitt au» om vanlege forventingar som etterrettelegheit, konsistens, saklegheit og slike normer som kan kome i vegen.
Andre har alt peika på at innhaldet i Dag og Tids pakke ikkje held mål. Noko er illeluktande, og mykje har gått ut på dato.
Og eg fekk mitt pass påskrive i del tre. To synder har eg gjort.
Synd 1: Eg har peika på at NRKs podkastserie om Samenes historie som NRK annonserte skulle presentere samane sitt perspektiv, at serien nesten var heilt samefri når det gjaldt innhaldsleverandørar. Dag og Tid prøver å gjere dette til ein diskusjon om personen Einar Niemi. Dette er ein invitasjon eg tidlegare har takka nei til, og det bør ikkje vere noka overrasking at eg heller ikkje denne gongen vil bli med på den typen gjørmeklin. Eg står fast på at viss NRK annonserer noko, bør produktet innehalde det NRK har annonsert.
Synd 2: Dag og Tid nemner mitt essay i boka Catnosat. The Sámi Pavilion, Indigenous Art, Knowledge and Sovereignty. Essayet dreier seg om korleis ein kan strukturere rovkulturens møte med byttekulturen. Kva element eit slikt møte har, og korleis dramaturgien er.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.