Dyr og vanskeleg argumentasjon

Publisert

«Vi skal gå frå ei energiform som tradisjonelt har vore billeg og stabil, fossil energi, til energi som ofte er dyr og stort sett alltid ustabil, vind og sol.» Skriv Jon Hustad i førre Dag og Tid.

Litt faktasjekking på økonomi først:

Brent-oljeprisen er ca. 85 amerikanske dollar per fat. Energiprisen frå råolja blir då ca. 50 øre per kWh. Energiprisen for ferdige produkt blir mykje høgare.

Gassprisen på den nederlandske marknaden er ca. 42 euro per MWh, råvareprisen for gasskraft vert då ca. 47 øre per kWh ­­– gasskraft kostar då minst 100 øre per kWh å produsere.

Hornsea 3: Botnfast havvind. Ørsted fekk tilslag på 59 øre per kWh i 2022. Problem på grunn av kostnadsauke som har lite direkte med teknologien å gjere. Ørsted vil ha skattelette for å sikre prosjektet.

Hornsea 2: Botnfast havvind. 1.3 GW effekt, i full produksjon frå 2022. Ørsted (DONG) fekk tilslag i 2017 på ein pris som svarer til ca. 100 øre per kWh i dag. Vindparken produserer 4.5–5 TWh per år. Verdsett til 6 milliardar britiske pund i 2022–23, då Ørsted selde 50 prosent for 3 milliardar. Det blir ca. 59.5 millionar kroner per MW.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement