«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»
Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.
Foto: Geir Olsen / NTB
«Kapitulasjon i klimapolitikken» er overskrifta i ein artikkel i Dag og Tid 11. oktober av journalist Per Anders Todal. Her finn vi ei god forklaring på kvifor statsbudsjettet ikkje vil bidra til å nå det nasjonale klimamålet i 2030.
Eg vonar at Dag og Tid borar vidare i dette temaet, for eg saknar ei breiare vurdering av sjølve klimapolitikken, ikkje om det legitime behovet for å få ned utsleppa nasjonalt og globalt, men at tiltaka som vert sette inn, i stor grad er ei grønvasking utan at det vert stilt spørsmål ved at veksten i energiforbruket skal gjennomførast med natur og miljøskadeleg vindkraft. Premissen om at Noreg er ei klimasinke i høve til EU-landa, meiner eg også er noko media har slukt ukritisk.
Eit av favorittprogramma mine i NRK radio er «Norsken, svensken og dansken». Dei tre programvertane ristar godt i dagsaktuelle saker i landa våre på ein opplysande og underhaldande måte. I ein av episodane var alle samde om kor hyklersk Noreg operer i klimadebatten.
Men er det sant at Noreg er ei sinke i høve til naboane og resten av EU-landa? Kva og kven er mest hyklersk?
Ja, det er jo rett at Noreg tener på krigen på grunn av olja og gassen. Og vi burde brukt meir av inntektene i støtte til Ukraina og trekke oljefondet ut av israelske selskap og annan urett i verda. Men kven er ikkje hyklersk når det gjeld klimagassutslepp?
I Europa er skogens opptak av CO2 ein del av klimarekneskapen. Erna Solberg fekk Høgre til å snu, slik at skogens opptak av gassen ikkje vert medrekna i Noreg. I Danmark vert brenning av trepellets rekna som fornybar energi sjølv om utsleppet av klimagass er som for brenning av kol. Og kor fornybar er vindkraft når vi reknar med produksjon av turbinane, bygging av vegar og nedbygging av natur? I kalde Noreg brukar vi elektrisitet frå fornyeleg vasskraft til både lys og oppvarming. Det blir difor heilt feil å samanlikne EU-landa med Noreg både når det gjeld produksjon av fornybar energi og forbruk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.