Ei anna historie

Publisert Sist oppdatert

Dag og Tid vier auken av autisme i Noreg og i den vestlege verda stor merksemd i utgåva 1. desember. Ulike ekspertar uttaler seg om dette kjem av ein reell auke i tilstanden eller større merksemd og evne til å avsløre forstyrringa blant helsepersonell.

Forståinga av autisme og autismespekter-forstyrringar har utvikla seg radikalt i løpet av to generasjonar med endringar i diagnosekriterium. Eit kategorisk syn har stått i motsetnad til eit fleirdimensjonalt syn. Sett bort ifrå dette er det eit perspektiv som manglar i denne drøftinga.

I den vanlege tenkinga om sjukdom, forstyrringar og lidingar, både blant lekfolk og profesjonelle, blir tilstandane ofte sett på som eit objekt-fenomen hos individet frikopla frå vår fortolking, forventning og våre verdiar. Vi kallar eit slikt syn essensialistisk. Er det realistisk, og passar det med det vi kan observere?

Det er ikkje berre auken som er vanskeleg å forklare. Det har lenge vore kjent at det er svært store forskjellar mellom ulike fylke. I åra 2008–2011 var den fylkesvise forskjellen fem gongar frå fylker med lægst til fylker med høgast førekomst av autisme, ifølge ein artikkel i Legetidsskriftet frå 2013.

Den kanadiske vitskapsfilosofen Ian Hacking tilbyr oss eit perspektiv som kan gi oss meir innsikt. Han skil mellom tilstandar som må forståast som indifferente kategoriar, som objekt hos individ. Lårhalsbrot er eit eksempel på ein slik kategori. Dei fleste tilstandar er heller interaktive. Dei kan ikkje forståast som kategoriar utan at vi tar inn over oss at vi fortolkar og finn meining i dei kategoriane vi og våre medmenneske tilhøyrer. Kategoriane er med andre ord identitetar og fungerer som «magnetar» med marknadsverdi i samfunnet, i skolen og i velferdsstaten. Hacking kalla dette «looping effects».

Ein fransk lege og filosof, Georges Canguilhem, minner oss på at vi som behandlarar må forstå at det vi driv med, er ein verdibasert og moralsk aktivitet. Han hevda at for å fremme helse blant folk må vi hjelpe kvarandre til å overkomme sjølvidentitetar som vi blir for fusjonerte med. Vi kan forstå helseplager som kommunikasjon og informasjon. I staden for å «spikre» identitetar på folk kan hjelpa bestå i å drøfte med respektfull nysgjerrigheit kva informasjonsverdi autismeåtferd eller depresjonsåtferd har.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement