Ei geopolitisk nyorientering

Kronprins Mohammed bin Salman og Putin.
Kronprins Mohammed bin Salman og Putin.

Kronikk

Krigen i Ukraina gjev meir makt til oljestatane i Midtausten.

Publisert

Trass i vestlege skuldingar om korrupsjon og brot på menneskerettar, sist under fotball-VM i Qatar, tyder alt på at dei arabiske golfstatane i Midtausten kjem styrkte ut av dei globale fylgjene som Ukraina-krigen fører med seg.

Sjølv om dei to gonger har stemt for ein resolusjon i FN som fordømer krigen i Ukraina, har dei framleis eit godt forhold til Russland. Saudi-Arabia har det siste året investert i tre russiske oljeselskap, Qatar har halde på eigardelar i fleire russiske selskap, og Dubai i Dei sameinte arabiske emirata (Emirata) har blitt eit viktig finanssenter og ein fristad for rike russarar. Om lag 4000 russiske investorar og selskap er registrerte der, og talet på russiske turistar gjekk opp med 77 prosent frå 2021 til 2022.

Tvert imot har golfstatane sendt fleire signal om at støtte til vestleg politikk ikkje lenger kan takast for gjeve. Emirata, som har vore ein nær alliert av USA sidan sjølvstendet frå britane i 1971, avstod til dømes frå å fordøme russarane då krigen kom opp som sak i FNs tryggingsråd dagen etter invasjonen.

Audmjuking av Biden

I fjor sommar var det Saudi-Arabias tur til å audmjuke president Biden og amerikanarane. Biden nekta først å møte den mektige kronprins Mohammed bin Salman, som ifylgje ein CIA-rapport gav grønt lys til det brutale drapet på den saudiske journalisten Jamal Khashoggi i Istanbul i 2018. Men då oljeprisane flaug i vêret, inflasjonen gjekk same vegen og presidentens popularitet fall, reiste han til Riyadh og bad om høgare oljeproduksjon for å dempe prisane. Men OPEC+, under saudiarabisk leiing og med Russland som viktig medlem, vedtok å redusere produksjonen med to millionar fat per dag. I Washington blei det oppfatta som støtte til Putin og eit slag i andletet på Biden i forkant av det viktige mellomvalet.

Slike og andre episodar syner ei geopolitisk nyorientering som har vore i emning blant golfstatane i fleire år. Det gjeld særleg dei to største militærmaktene, Saudi-Arabia og Emirata, som ikkje lenger stoler på amerikanske tryggingsgarantiar. Dei har også sjølve blitt regionale stormakter med interesser i å balansere forholdet til USA, Kina og Russland. I tillegg har dei politiske leiarar som trur på «autokratisk stabilitet» som beste styreform, meir på linje med Putin og Xi Jinping enn Biden og Macron.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement