Ein endrar ikkje naturen med talemåtar

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Publisert Sist oppdatert

Takk til Ida Lødemel Tvedt for essayet «Feltnotat frå kulturkrigane» (12. april) og intervjuet med Judith Butler (19. april). Butler har skrive boka Who’s Afraid of gender. Eg har òg tenkt litt på gender.

Talemåtar kan nok endre kulturen, men ikkje naturen. Det er ikkje rart at antigender-idear kjem fram etter at det har vore prøvd å endre sjølve naturen. Med «flytande kjønn» har ein prøvd å endre den gamle kunnskapen om to kjønn. Butler godtek òg to biologiske kjønn, men tanken om at «gender» skulle vere noko anna, vil eg prøve å argumentere mot:

«Kjønn» og «gender» har same ordstamme sjølv om dei har fått forskjellige tydingar etter kvart. Det har med ætt å gjere. Norsk etymologisk ordbok seier: «kjønn: sexus, art, menneskegruppe (organismer) som enten har hankjønns- eller hunkjønnsegenskaper. Av norrønt «kyn» «kjønn, ætt, avkom […] Den indoeuropeiske roten er … *gen- ’føde, avle’».

Dei engelske orda «sex» og «gender» tyder altså det same, begge peiker på ætt og avkom. Det kjønnet ein fekk utdelt ved fødselen – som ein seier (men som faktisk var synleg på ultralyd lenge før fødselen) – det er det ein er. Det hadde i grunnen vore meir i samsvar med fakta å seie «som vart stadfesta» eller «som kom til syne».

Menneske har forskjellig identitetsoppleving og ter seg deretter. Om ein får kommentarar for utsjånaden sin, får ein lage seg eit godt svar. Nokre seier rett ut det dei ser, utan å tenke på om det er sårande, derfor må alle lære seg å takle spydige utsegner. Anten ein må ta buss med karnevalsklede, gå med kontrabass på ryggen eller gå på feil do, får ein berre øve seg på å smile tilbake og seie «ja då» eller noko anna avvæpnande.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement