Ein leprasjuk salmediktar og nordafrikanske sjørøvarar
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Historia om «Tyrkja-Gudda» – ei av dei mest dramatiske hendingane i Islands historie.
Ein halvtimes ferjetur frå kysten av Sørvest-Island ligg Vestmannaeyjar, og midt i Reykjavik ligg Hallgrimskyrkja, som ragar høgt over alle andre bygningar i byen. Desse to stadane er hovudtema i denne merkelege og dramatiske historia.
Hallgrimskyrkja ber namnet etter Islands store salmeskald, Hallgrimur Petursson. Som alle andre islendingar på den tida – og som nordmenn – måtte han ta teologiutdanninga si i København, og ved hjelp av ein annan islending, Brynjolfur Sveinsson, som seinare vart biskop ved Skålholt, eitt av dei to bispeseta på Island den gongen, kjem han inn på «Vår Frue» latinskole i København.
Dette var i 1636, og her treffer Hallgrimur ei islandsk kvinne, Gudridur Simonardottir, som han forelskar seg i, og seinare giftar seg med.
Dette var vel ikkje så spesielt, vil du kanskje seie, men viss du får høyra om livet og lagnaden til denne kvinna, vil du nok tenkja at, jo, dette var ei heilt utruleg historie!
Det heile starta nemleg ikkje i København, men på Vestmannaeyjar, ni år tidlegare.
Morgonen måndag 16. juli 1627 var vakker, og folk på Heimaey, den største øya i øygruppa, ana fred og ingen fare. Det einaste uvanlege med denne morgonen var at folk hadde sett ukjende skip i horisonten. Dei kom austfrå med kurs mot Vestmannaeyjar, og folk undra seg over kva skip dette kunne vera. Kunne det vera engelske eller tyske handelsskip som dreiv ulovleg handel, og viss det var slike, kvifor dukka ikkje dei danske hærskipa opp og jaga dei bort?
Dagen som starta så fredeleg, blei ein av dei mest dramatiske i Islands historie.
Dei ukjende skipa var algeriske sjørøvarskip, og målet deira var å rana flest mogleg islendingar for å selja dei på slavemarknaden i Alger.
Fleire hundre menn, væpna med muskettar, sverd og knivar, reiv til seg alle dei nådde, menn, kvinner og born. Sjørøvarane var mest interesserte i arbeidsføre menn, yngre kvinner og gjerne born, for desse kunne gje best prisar på slavemarknaden. Om lag 400 personar vart etter kvart samla saman. Dei gamle og sjuke vart stengde inne i dei danske pakkhusa, eller lagerhusa, og brende inne der. Resten, ca. 240 personar, vart rodde ut til skipa som låg oppankra, deriblant Gudridur og sonen Sølmundur.
I boka Reisubòk Gudridar Simonardóttir skildrar den islandske forfattaren Steinunn Johannesdottir denne hendinga, etter grundig research fleire stader i Europa og Nord-Afrika.
I løpet av desse ni åra måtte fangane – eller rettare sagt slavane – gå gjennom mykje vondt, frå dei vart samla på slavemarknaden og «vurderte» av kjøparar, til opphaldet hos kjøparane som sette dei til ymse slags arbeid.
Det vart sendt brev til kongen i København med krav om løysepengar, men det var ikkje før i 1635 at kongen reagerte.
Av dei 50 som blei kjøpte fri, var Gudridur Simonardottir den siste, og kjøpesummen for henne var 242 riksdalar, men sonen Sølmundur fekk ho ikkje med seg. Dei frikjøpte kom til København i august 1636, men då hadde skipa til Island gått for sommaren, og dei måtte bli i København vinteren over.
Og så kjem vi endeleg attende til Hallgrimskyrkja og teologistudenten Hallgrimur Petursson.
Han vart utnemnd til tilsynsmann for dei frigjevne, og skulle vera læraren deira i kristendom og islandsk, etter alle åra i muslimsk fangenskap. Snart etter forelska han seg i den 38 år gamle Gudridur, som var 16 år eldre enn han. Ho vart gravid med Hallgrimur, og saman reiste dei til Island våren 1637.
Etter fleire år fekk han kall i Saurbær i Hvalfjorden, der han var til han døydde. Islendingane var nok skeptiske til denne kvinna Gudridur, både fordi ho hadde vore fange hos muslimane, og fordi ho var 16 år eldre enn Hallgrimur. Ho fekk tilnamnet «Tyrkja-Gudda», av di folk trudde sjørøvarane var tyrkarar.
På slutten av livet vart Hallgrimur spedalsk, og i denne perioden skreiv han dei kjende «Passius-salmane» (pasjons- eller lidingssalmane), som vert rekna blant den vakraste religiøse diktinga i verda frå denne perioden. Dei 50 salmane handlar om Jesu liding på krossen, og kvar påske vert dei lesne opp frå altaret i Hallgrimskyrkja i Reykjavik.
Eit verdig minne, ikkje berre etter Hallgrimur sjølv, men òg etter ei kvinne som vart offer for ei dramatisk hending, og seinare for folk i heimlandet si mistru.