Ein levedyktig parlamentarismePolitikkHalvor TjønnI siste utgåva av Dag og Tid drøftar Jon Naustdalslid kommentaren min frå 2. november om den særeigne, negative parlamentarismen som Noreg praktiserer. Fyrst av alt vil eg takka Naustdalslid for innspelet:

Publisert

I siste utgåva av Dag og Tid drøftar Jon Naustdalslid kommentaren min frå 2. november om den særeigne, negative parlamentarismen som Noreg praktiserer. Fyrst av alt vil eg takka Naustdalslid for innspelet: Han hentar inn mange viktige poeng, ikkje minst det at sjølv ikkje den beste grunnlova kan hindra eit politisk system frå å bli handlingslamma.

Naustdalslid hevdar vidare at det er framvoksteren av populistiske og nasjonalistiske høgreparti som må ta skulda for at fleire vestlege land i vår tid er blitt meir eller mindre ustyrlege. Han peikar dessutan på at fleire land med investitur – det vil seia at ei regjering berre kan bli innsett etter eit positivt vedtak i nasjonalforsamlinga – i mange høve også har hatt problem med å skaffa seg stabile regjeringar.

Kva gjeld det siste poenget, har Naustdalslid sjølvsagt rett. Dersom politikarane som blir valde av folket deler seg i tre, fire eller fem fraksjonar som kvar for seg legg ned veto mot kvarandre, kan det gå både seks og sju månader før stabile regjeringar er stabla på beina. Når dei fleste demokratiske landa i Europa likevel har investitur – innsettingsvedtak – er det fordi det bind dei partia som stør ei innsett regjering, tettare til masta.

Slik sett er den aktuelle stoda i Tyskland eit godt døme: Etter mykje om og men blei det etter valet i fjor danna ei fleirtalsregjering med unionspartia CDU/CSU og sosialdemokratane, SPD. Den tyske grunnlova føresett at forbundskanslaren sit for heile valperioden. Om sosialdemokratane likevel midt i perioden skulle finna ut at dei vil forlata regjeringa til Angela Merkel, må eit fleirtal av Forbundsdagen stemma for ein annan forbundskanslar.

Ein ser utan vidare at eit slikt system gjev større stabilitet enn vårt, der til dømes Krf korkje stemte for eller i mot Erna Solberg då Stortinget kom saman etter valet i fjor.

Når det gjeld påstanden til Naustdalslid om at den største trusselen mot stabiliteten i Europa er dei nye populistpartia, må eg seia meg usamd: Å vera fornærma på veljarane – slik ein no ser i Sverige – er ei lite fruktbar øving. Ein kan som kjent ikkje oppløysa folket og velja seg eit nytt, slik det ser ut til at mange svenske politikarar ynskjer.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement