Ein skal ikkje ta vare på alle tradisjonar

Publisert

Maria Pettersvik Arvnes har i Dag og Tid den 9. juni 2023 eit lesarinnlegg der ho kritiserer Arve Nilsen som i ein artikkel 26. mai 2023 kjem med ei rekke gode argument for å få slutt på norsk kvalfangst. Arvnes er rådgjevar i Norges Fiskarlag.

Det som kjem fram i lesarinnlegget, er såpass lite realitetsorientert at det trengst ein kommentar eller to. Mellom anna blir det sagt at kvalfangsten er ei tradisjonsrik næring som er heilt utan subsidiar.

Til dette vil eg seie at ein skal ikkje ta vare på alle tradisjonar, og slett ikkje kvalfangsten. Kvalfangsten er, som Nilsen påpeikar, ein skamplett for Noreg. Dei store kvalartane vart nesten utrydda og står i dag framleis på raudlista som kritisk truga.

Når det gjeld Arvnes sin påstand om at kvalfangsten er heilt utan subsidiar, må det nemnast at denne næringa kostar Staten fleire millionar kvart år. Staten brukar store summar for å promotere kvalfangsten, på kontrollverksemd og til destruksjon av kvalspekk som ikkje blir omsett. Summen av kostnader er sannsynlegvis større enn verdien av kvalkjøtet.

Arvnes meiner at norsk kvalfangst er jakt på naturen sine premissar. Kva som ligg i dette, får vi ikkje vite noko om. Det vi veit ganske mykje om, er dei lidingane som denne jakta påfører dei store sjøpattedyra.

Ein treng ikkje vere veterinær eller marinbiolog for å forstå at det å vinsje ein skadeskoten kval inn til skutsida for deretter å avlive han med ei rifle er dyrplaging av verste sort.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement