Er fjordane mindre verde enn elvar og vatn?

Vasskraftverket Nore I.
Vasskraftverket Nore I.
Publisert

I løpet av dei siste 100 åra er mange av elvane våre lagde i røyr, og vatn er demt opp for at me skal kunne lage straum når me treng det. Dei tidlegaste utbyggingane var små og hadde minimale effektar på miljøet. Etter kvart som omfanget og storleiken av utbyggingane auka, blei også dei negative miljøeffektane tydelegare.

I 1959 blei difor vilkårsrevisjonar inkluderte i vassdragsreguleringslova. Hensikta var å betre miljøtilhøva i regulerte vassdrag. Dette har gitt oss betre kunnskap om negative miljøeffektar knytte til vassdragsreguleringane, og avbøtande tiltak har betra miljøtilhøva.

Diverre gir dagens praktisering og tolking av vassdragsreguleringslova og vilkårsrevisjonar ein uakseptabel konsekvens. Lova gir regulantane ansvar for negative miljøverknader i elvar og vatn, men fritar dei for moglege skadar på fjordmiljøet. Dette er ei uakseptabel diskriminering av ulike vasstypar.

Dei største negative effektane på fjordane kom etter dei store vasskraftutbyggingane på 1970- og 1980-talet, med mange utbyggingar og store magasin. Dette har gitt store endringar i det naturlege avrenningsmønsteret for elvevatn, med fleire moglege negative effektar på både det fysiske og det biologiske miljøet i fjordane. Me har rett og slett tukla med årstidene i fjordane, noko ikkje alle organismane som lever der, tilpassar seg like lett. Kvifor skal ikkje regulantane ta ansvaret for dette?

Vassdragsreguleringslova har blitt justert mange gonger sidan ho først blei vedtatt i 1917. Sjølv om verken effektane eller kunnskapsgrunnlaget om moglege effektar i fjordane ikkje var store nok før endringane i 1959, har det vore fleire høve til å inkludere tiltak for fjordmiljøet i seinare lovjusteringar.

Diskrimineringa av fjordar i vassdragsreguleringslova er også i strid med både naturmangfaldslova og vassforskrifta, der me mellom anna tar på oss å ivareta miljøet i alle vasstypar og vere føre var dersom me er usikre på konsekvensane.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement