Er jussen vegen til fred eller katastrofe i Palestina?
Eit barn drepe av åtak frå israelske fly og eit sørgjetog i Khan Yunis, sør på Gazastripa 8. november 2023.
Foto: Ibraheem Abu Mustafa / Reuters / NTB
Dag og Tid intervjua Israel-vennen Bjarte Ystebø 27. oktober. Han seier: «FN har ikkje moralsk autoritet i Midtausten-spørsmål. Spørsmålet er ikkje kva han [generalsekretæren] meiner, men kva jussen seier. Her forsvarer forskarar Israel.»
Eg fekk eit innblikk i den juridiske argumentasjonen, då eg las boka Palestina – Israels historiske og folkerettslige legitimitet, utgitt på Hermon forlag i 2020, openbert skriven for Israel-venner og kristenkonservative.
Her blir den juridiske tilnærminga framheva som den rette veg til sanning. Det som passar Israel si sak, blir framheva, mens motparten blir neglisjert og demonisert. San Remo-resolusjonen i 1920, då stormaktene gav jødane suverenitet over heile Palestina, som omfatta dagens Israel, Jordan, Judea, Samaria og Gaza, er det einaste folkerettsleg legale grunnlaget for oppretting av ein stat for det jødiske folket. Det som skjedde seinare med oppdelinga av det britiske mandatområdet i Palestina, mellom anna med opprettinga av Jordan, var eit svik og brot på folkeretten. FN si rolle blir karakterisert som utidig og ulovleg innblanding.
Oppgjeret etter første verdskrigen førte som kjent til nye katastrofar. Konferansen i San Remo, som var ein etterrakst av Versaillestraktaten, galdt mellom anna landegrenser i Midtausten. Med kolonimaktene Frankrike og Storbritannia i førarsetet vart resultatet prega av eigeninteresse.
Ein heim for jødane var nok til tider, og i visse krinsar, høgt på agendaen, men det var den strategiske realpolitikken som vog tyngst. Humanismen var ein underordna faktor.
Ein kan mislike hendingar i historia, men skal ein rette opp all verdas urett dei siste 3000 år, så fører det berre til nye katastrofar. Å gå i retten for Israel og prosedere på eit krav om heile det opphavlege Palestina er ekstremt og farleg. Men det blir meir og meir tydeleg at det er dette som er landet sin strategi, og at det palestinske folket skal fordrivast.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.