Eurovision: Israels deltaking er viktig for pressefridomen

Eden Golan skal representere Israel i Eurovision i Malmö.
Eden Golan skal representere Israel i Eurovision i Malmö.

Den frie israelske pressa er under kraftig press.

Publisert Sist oppdatert

Så er det bestemt at Israel får lov til å delta i Eurovision Song Contest 2024. Det er sjølvsagt ikkje rett på ein plass, og heller ikkje anstendig. Protestane er naudsynte. Paradoksalt nok kan det likevel vere avgjerande viktig for den israelske pressefridomen på kort og lengre sikt.

I den ferske rapporten for 2024 frå V-Dem Institute vert Israel degradert frå ‘liberal democracy’ til ‘electorate democracy’. Dette er første gong sidan 1973 at Israel ikkje har status som liberalt demokrati. Ja, det vert framleis halde frie val. Men på ei rad andre område peikar pilene nedover. Rapporten viser særleg til lova frå i fjor som kompromitterer høgsterett si uavhengige rolle. Israel får òg kritikk for at innbyggjarane ikkje er sikra fridom frå tortur, ein grunnleggjande menneskerett.

Eit anna område som er under kraftig press, er den frie israelske pressa. Benjamin Netanyahu har lenge freista å svekkje dei uavhengige media. Etter 7. oktober har det utilsløra forsøket på å avskaffe pressefridomen vorte intensivert. Den som for tida frontar denne kampanjen, er den 41 år gamle landbruksingeniøren Shlomo Karhi frå Netanyahus eige parti, Likud.

Den politisk-ideologiske einsrettinga skjer gjennom medielovgjeving, økonomiske verkemiddel, forbod og trugsmål. Ikkje overraskande ønskjer Karhi å hindre Al Jazeera i å nå eit israelsk publikum. Av dei heimlege media er det særleg to Karhi vil kome til livs: avisa Haaretz og allmennkringkastaren Kan.

Då Kan vart etablert i 2017, var Netanyahu raskt ute med å love at tida for allmennkringkastarar var ute. Kva skjedde? Israel vann Eurovision-finalen i 2018, og fekk sjansen til å vere vertskap året etter. Sidan Eurovision er utruleg populært i Israel, og deltakinga vert sett på som ei sak av stor nasjonal viktigheit, gjorde Nettas siger (ho med «Toy») at Kan inntil vidare vart urørleg.

Det er ein myte at det er dei ulike landa sine myndigheiter som sender «deira» artistar til å delta i Eurovision. Heile konseptet går ut på noko anna. Det er ikkje statar, men allmennkringkastarar som er medlem av Den europeiske kringkastingsunionen (EBU), og som deltek i og saman organiserer Eurovision.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement