Kronikk
Eventyrdronninga
I år er det 100 år sidan den fyrste eventyrboka til Regine Normann kom ut. I eventyra hennar vinn det gode, og helten er ein ekte helt.
Regine Normann fortel eventyr for ei gruppe gutar på Sofienberg skule i Oslo i september 1933.
Foto: Oslo byarkiv / Wikimedia Commons
Regine Normanns første eventyrsamling var kort og godt Eventyr, gitt ut på Aschehoug. Året etter kom Nye eventyr. Eventyra har kome ut i fleire nyutgåver, den mest kjende er samleutgåva til Bokklubbens Barn i 1977, Ringelihorn.
Normann, fødd i 1867, var frå Bø i Vesterålen. Ho flytta i vaksen alder til hovudstaden og levde mesteparten av vaksenlivet der. Ho var lærar og forfattar. Ho debuterte i 1905 med romanen Krabvaag – skildringer fra et lidet fiskevær, ein sosialrealistisk samfunnsroman. Forfattarskapen femnar 18 bøker, dei fleste romanar. I dei siste bøkene gjekk ho over til det korte formatet og gav ut samlingar med eventyr og segner. Den siste boka hennar kom ut i 1934.
I romanforfattarskapen tok Normann opp aktuelle kvinnerelaterte tema som mishandling i ekteskap, gjengifte og kvinners rett til å utfalde seg i eit yrke. Dessutan skreiv ho to historiske romanar med handling lagd til heimbygda, der interessa ho hadde for kystkultur og folklore, kjem til sin rett.
Normann henta ofte inspirasjon frå nordnorsk miljø, natur og kultur, og skildringane av landskap og folkeliv er meisterlege. Det var Aschehoug som var forlaget hennar, der forlagssjef William Nygaard den eldre heldt handa si over ein ny forfattar nordfrå.
Etter å ha publisert ei rekkje romanar skjedde det omkring 1920 ei endring i den litterære uttrykksforma hennar. Normann følte at det lange formatet ikkje lenger høvde for henne. Til alt hell greip ho no attende til den munnlege tradisjon og det korte formatet som ho kjende frå barndommen. Ho hadde høyrt eventyr fortalde av slektningar og i arbeidsmiljø der den munnlege forteljinga stod sterkt som underhaldning. Normanns eigen uttrykksmåte kom til sin rett i denne forma.
Før ho ferdigstilte den fyrste eventyrsamlinga, arbeidde ho med å omsetje svenske eventyr til norsk. Samlinga Eventyr vart særs godt motteken av kritikarkorpset over heile landet. Meir enn 40 bokmeldingar vart publiserte frå slutten av november 1925 og fram til jul. Boka vart omtala som ei perle, ei eineståande samling og ein verdfull tilvekst til nordisk eventyrlitteratur. Eventyra vart omtala som medrivande og forteljaren som ein som hadde skjøna eventyrets idé.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.