Feil i tabell om flyktningar
Dag og Tid trykte førre veke ein tabell med tal på ukrainske flyktningar i nokre europeiske land. Polen ramla dessverre ut av tabellen, og både Belgia og Bulgaria vart presenterte med feil tal.
Polen er det europeiske landet som har teke imot flest ukrainske flyktningar, ifølgje tala frå FNs høgkommissær for flyktningar. Det er i dag rundt 1.639.725 ukrainske flyktningar i Polen, og dei utgjer rundt 4,4 prosent av folketalet i landet.
I Bulgaria og Belgia skreiv vi at dei ukrainske flyktningane utgjorde høvesvis 27 prosent og 6,2 prosent av folketalet. Rette tal skal vere høvesvis 2,7 prosent og 0,62 prosent.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.