Feil om kraft frå Hustad
Straummaster i desemberlys.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
I Dag og Tid 27. januar hevdar Jon Hustad at eg ikkje gjev rett forklaring på den sterke auken i fyllingsgraden i kraftmagasina i det sørlige Noreg i fjor haust. Eg har i ein kronikk vist til at den viktigaste forklaringa var den låge produksjonen av regulerbar vasskraft. Hustad hevdar at det ikkje stemmer, og at vi vart redda av mykje regn. Vi hadde flaks som unngår rasjonering til våren, skriv Hustad.
La oss få omgrepa på plass først. Det hjelper ikkje på fyllingsgraden i kraftmagasina om det regner i gata der du bur. Det må regna i det vi kallar tilsigsområda til magasina, skal fyllingsgraden auke. Endring i fyllingsgrad i ein gitt periode er lik tilsiget til magasina minus vasskraftproduksjonen. La oss så sjå på tala frå i fjor haust:
Vi har tal for nyttbart tilsig for prisområda tilbake til 2015. Gjennomsnittleg tilsig til dei tre prisområda i det sørlege Noreg i perioden frå august til midten av november (då «tappesesongen» ofte startar) for åra 2015–2021 er 30,7 TWh. I fjor var tilsiget i denne perioden 31,6 TWh, altså knappe 1 TWh meir enn snittet dei siste åra. Produksjonen i denne perioden var 17,7 TWh i fjor. Det er heile 8,2 TWh lågare enn gjennomsnittet dei siste åra. Auken i fyllingsgrad (tilsig minus produksjon) vart dermed 13,9 TWh (24 prosentpoeng) hausten 2022, noko som er rekord. Gjennomsnittet for dei siste åra er 4,7 TWh (8 prosentpoeng).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.