Finst det ureturnerbare asylsøkjarar?
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Det har kome nokre reaksjonar på kommentaren min om ureturnerbare asylsøkjarar («Ei bøn til statsministeren», 14. januar 2022), der eg hevdar at denne gruppa lever under uverdige kår, og at ein bør endra ordningane for desse.
Per Steinar Runde (21. januar) avviser problemet med eit konsekvensetisk argument. Dersom vi gjer denne gruppa til borgarar med alle rettar, vil alle flyktningar i verda forstå at dei kan koma hit og nyta velferdsgoda.
Kommentaren til Øivind Østberg (Dag og Tid 28. januar) går langt i å påstå at denne gruppa ikkje finst. Med støtte i ein namnlaus artikkel frå UNE og UDI hevdar han at så godt som alle ureturnerbare kan reisa attende til heimlandet, problemet er at dei ikkje vil. Begge kommentatorane er samde om at problemet eg skriv om, ikkje finst. Østberg kostar også på seg ei ironisering over «moralsk harme» som skal setja meg i eit komisk lys. Det siste er eit kjent grep frå den innvandringskritiske sida: ein har gripe Terje Tvedts term «godhetstyranni» med begge hender og slår ned på alle som kjenner på moralsk forplikting og empati – i moralsk harme.
Men eg vil halda fast på at det finst ureturnerbare flyktningar i Noreg. Dette fordi asylsøknader blir handsama etter fleire kriterium. Eitt av kriteria er at desse menneska er i faktisk fare i heimlandet. Eit anna kriterium er at dei har gyldige papir. Mange manglar det siste, då kan dei ikkje få asyl. Men sidan situasjonen er farleg for dei i heimlandet, kan dei likevel ikkje sendast tilbake. Det er denne gruppa eg skriv om.
Østberg listar opp ei rekkje døme på at asylsøkjarar og flyktningar snakkar usant – om kvar dei kjem frå, kvifor dei kjem, osv. Alle veit at det finst døme på dette. Men det han impliserer, er at så godt som alle lyg og skrøner, og at det berre er «ytterst få» vi kan lita på. Dette er ei form for generalisering som forsimplar debatten og stemplar heile grupper, og som for min del gjerne må utløysa meir moralsk harme.
Moralfilosofen Kant skreiv i si tid at ikkje noko menneske skal behandlast berre som eit middel. Å vera harde og umenneskelege mot flyktningar som er her i landet, for at ikkje fleire skal søkja seg hit, er eit slikt moralsk mistak. Fleire av dei sju små justisministrane Frp hadde på sju korte år, argumenterte ope på denne måten: Vi skal behandla dei så hardt at ingen andre kjem til å søkja.
Då vil eg heller ha både «godhetstyranni» og moralsk harme.