Folkens, vi lever i moderne samfunn!

Publisert

Det er mange måtar å vere norsk på. Vi treng ikkje like brunost eller gå rundt juletreet. Men dagens norske samfunn er eit moderne samfunn, mellom anna ein moderne rettsstat, der vi skil mellom privatliv og offentlege verv: Sit vi i ein opptakskomité for offentlege utdanningsinstitusjonar, skal vi behandle alle likt, også onkelens barn. Noko anna ville vere nepotisme og korrupsjon. Blir det vanleg, vil det bryte ned den rettsstatlege institusjonen.

Kort sagt, det er eit skilje mellom privatliv og offentlege verv, med tanke på roller og normer – til skilnad frå eit klansamfunn der onkelens barn får forrang.

Tilsvarande skil vi, i moderne samfunn, mellom privatliv og yrkesliv: Vi skil mellom helsepersonell og pasientar, mellom trafikkpoliti og trafikantar, mellom konduktør og passasjer. Vi skil mellom ulike institusjonar, kvar med sine roller og normer, kompetansekrav og identitetar. Ofte markerer vi skilnaden ved særeigne uniformer eller andre synlege markørar. Det synleggjer ulike roller, med ulike kompetansekrav og identitetar.

Så kanskje kunne vi også markere skilnaden i rollene som lærar og elev, til dømes med ein L på lærarane og ein E på elevane!

Uansett, i moderne vitskapsbaserte samfunn med eit mangfald av institusjonar, som dagens norske samfunn, går vi alle inn og ut av ulike institusjonar, med ulike roller og normer, og ulike identitetar. I slike moderne samfunn har vi ikkje berre éin identitet, men mange.

Den som ikkje har fått med seg dette, men som insisterer på ein eller annan spesiell kulturell, etnisk eller religiøs identitet, som om den skal overstyre alle moderne institusjonar, den personen har ikkje fått med seg kva eit moderne samfunn går ut på, og vedkommande er dermed utilpass i eit slikt samfunn.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement