Fordommar på leseglasa

Jubileumsfeiring for Kristenretten på Moster i år.
Jubileumsfeiring for Kristenretten på Moster i år.

Det finst sjølvsagt nestekjærleik både i andre kulturar enn den kristne og hos folk som «ikkje trur» at mennesket er skapt i Guds bilete.

Publisert Sist oppdatert

Takk til Solveig Aareskjold som med svaret «Heidensk nestekjærleik» (Dag og Tid 28. juni) gjev meg høve til å klare opp misforståingar så vel som skuldingar etter mitt innlegg «Menneskeverdet er ikkje så sjølvsagt som vi trur» (Dag og Tid 21. juni).

For å ta skuldinga fyrst: «Dersom ein ikkje trur at mennesket er skapt i Guds bilete, kan det ikkje finnast noko menneskeverd, skriv Eivor Andersen Oftestad i ein artikkel om kristendomen i vikingtida.» Skreiv eg verkeleg det? Nei, her ligg Aareskjolds fordommar tjukt på leseglasa. Det finst sjølvsagt nestekjærleik både i andre kulturar enn den kristne og hos folk som «ikkje trur» at mennesket er skapt i Guds bilete. Det skjønar til og med eg, tenk det.

Aareskjold grunnar påstanden sin i eit sitat der eg peiker på at «miskunn og nestekjærleik vart utleidd av eit spesifikt syn på mennesket, nemleg at menneska er Guds bilete, lik Kristus sjølv». Her seier eg ikkje at det ikkje er mogleg å syne nestekjærleik utan å tru på dette menneskesynet, men eg peikar på korleis nestekjærleik vert grunngitt gjennom heile den kristne tradisjonen, også i den kristne mellomalderen. Historisk sett er det, meiner eg, liten tvil om samanhengen mellom eit kristent menneskesyn og dei menneskerettane vi byggjer samfunnet vårt på i dag.

Eit hovudpoeng i teksten min var at desse rettane kjem frå ein stad, nemleg det kristne menneskesynet, som igjen har ei spesifikk grunngjeving.

Aareskjold, som trur at eg fyrst og fremst skriv om vikingtida, trekkjer fram Eirik Raude som eksempel på «heidensk nestekjærleik» for å gå imot min påstand om at nestekjærleik ikkje var «ei naturleg haldning i kulturen, slik til dømes slaveri og trælevesen hadde vore». Eg gjev ho rett i at denne påstanden, når han er teken ut av samanheng, er knotete formulert, for her kan det sjå ut som om eg skriv om all slags omsorg for menneska, om gjestfridom og medkjensle. Men spørsmålet mitt er ikkje om det fanst gode menneske i den heidenske vikingtida, men om kva konsekvensar kristendomen førte med seg – på sikt – i kulturen.

Det gamle samfunnet var bygd på ætt og ære. På 1000-talet var kanskje ein fjerdedel av folket trælar. Det er vanskeleg å vite så mykje om vikingtida når kjeldene er skrivne i ettertid av kristne forfattarar. Men vi veit ein god del om til dømes Romarriket. Her førte kristendomen til ein revolusjon når det gjaldt synet på mennesket.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement