Fornying av demokratiske institusjonar
I Irland er forakta for politikarane låg.
Foto: Peter Morrison / AP / NTB
Politikk handlar om kva som er til fellesskapets beste. Demokratiske institusjonar har til hensikt å fremje dette høvet. Det betyr ikkje at vi nokon gong klarar å organisere samfunnet til det beste for alle, men dette må ligge som ein demokratisk intensjon for vår organisering av demokratiet.
Dagens organisering av demokratiet er problematisk. Vi ser stadig fall av politikarar som er meir opptatt av eiga vinning enn å ha til hensikt å fremje ein partipolitikk. Det handlar meir om å vinne val enn om å representere ei gruppe av befolkninga. Enkelte synest å vere villige til å gå over lik for å vinne eigen posisjon. Det vil ikkje vere overraskande om tilliten til politikarane er låg, når dei stadig utnyttar systemet snarare enn å verne om det.
Eit land som går i motsett retning er Irland, der forakta for politikarane er låg. Irland har gjort fleire grep for å forbetre den demokratiske organiseringa. I perioden 1998 til 2019 har dei hatt 22 nasjonale avstemmingar. Dette har vore alt frå moralske spørsmål som barnerett, likekjønna ekteskap og abort til Irlands relasjon til EU. Konsekvensen er at den irske befolkninga har tatt stilling til og delteke i politiske avgjersler der dei langsamt har utvikla ein avstemmingskultur. Dette har aukar kvaliteten på den politiske debatten som handlar om sak meir enn personar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.