Gaute Losnegård og Torolv Solheim

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

I samband med meldinga mi av den interessante biografien til Gaute Losnegård, Reisa til Moskva. Historia om Torolv Solheim, i Dag og Tid nr. 6/22, må eg få komme med ein reservasjon og eit spørsmål til Losnegård.

I meldinga gjekk eg ut frå at Losnegård har rett når han gir inntrykk av at Solheim delte dei naive og ukonstitusjonelle illusjonane leiinga i Norges kommunistiske parti i Oslo hadde ­– i dei første månadene av den tyske okkupasjonen i 1940 – om at det var mogleg med eit sjølvstendig norsk styre basert på ein såkalla arbeidar-bonde-allianse.

Ved nærmare ettersyn i Solheims eigne memoarar frå krigen ser eg at Solheim der kritiserer partileiinga for å ha hatt desse illusjonane, og kallar det ei feilvurdering det ikkje finst forsvar for, men ikkje på noko vis seier at han hadde delt dei. Losnegård kjem heller ikkje med noko anna belegg for at han gjorde det. Eg vil derfor med dette venlegast få lov til å be han svare på kva han baserer seg på når han likevel hevdar at dette var tilfelle.