Ordskifte I Dyrevelferd
Geitene på Kvist i Sogn
På Kvist i Sogn går ein stor geiteflokk ute; ingen eig dei, og de har blitt ville.
Foto: Odd Arild Loseth
Nina Svartedal i Nibio har i siste nummer av Dag og Tid ein artikkel om geitene på Kvist ved Sognefjorden, som har gått fritt sidan 1930-talet. Ho går inn for å «avvikle» flokken av geiter med «gamle norske husdyrgener». Ho støttar dermed Mattilsynet, som vil skyte geitene. Ho slår òg fast at dette er husdyr etter naturmangfaldslova, og dermed må dei øyremerkast, temjast og fôrast.
Vi stiller spørsmål om kunnskap om geiter både i Mattilsynet og Nibio. Geiter som kjear ute i det fri, forlèt ikkje kjea sine. Dei finn ein god gøymeplass og forsvarar kjea mot kråker, ramn og ørn, og dei beitar i nærområdet til kjea er så store at dei fylgjer flokken. Dei vil aldri forlate kjea og fylgje flokken, slik Svartedal skriv.
Svartedal skriv òg at dei som har geiter som husdyr, held kjea inne dei to første vekene etter fødsel, og mødrene fylgjer flokken om dagen. Dei norske geitene vil ikkje forlate kjea sine. Først etter ei veke blir dei sleppte ut med kjea sine og fylgjer flokken.
Om dei blir sleppte ut rett etter kjeing, blir dei ståande ved fjøsdøra og breke.
Kunnskapslaust frå Nibio.
Geitebønder som har sett kjea på Kvist i det siste, seier at kjea i år er i vanleg fin form, ikkje tynne og svake av vintervêr og innavlsdepresjon, som Svartedal skriv. Vi vil også hevde at husdyr toler innavl godt. Nokre døme på det: Verdas største storferase, holstein, stammar frå tre oksar og er svært innavla. Alle dei gamle norske husdyrrasane er innavla, for eksempel vestlandsk fjordfe. I 1920-åra skulle dei for eksempel vere grå og kolla på Sunnmøre; i Hordaland skulle dei vere svarte og horna. Dei som ikkje hadde den rette uniforma, vart ikkje avla på. Telemarkfe skulle vere raudsidete og horna; andre uniformer vart ikkje avla på. Såleis vart dei svært innavla. Berre nokre få isolerte bønder heldt på dei gamle rasane og brukte okse frå eigen buskap i 40–50 år. Sterkt innavla.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.