Genetisk essensialisme?
DNA-testing.
Foto: Rich Pedroncelli / AP / NTB
Sist veke hadde Aina Westrheim Ravna, professor i farmakologi ved UiT, eit innlegg her i avisa i samband med essayet «Om det norske og det samiske». Spørsmålet vi diskuterer er i kva grad ein genetisk studie – «The Western and Eastern Roots of the Saami – the Story of Genetic ‘Outliers’ Told by Mitochondrial DNA and Y Chromosomes», gjort av professor Kriistina Tambets og andre – kan reknast som solid vitskap eller ikkje. Kjelda mi, professor i evolusjonær genetikk Mark Thomas ved University College London, meiner han ikkje kan det.
Studien er frå 2004. Men det er ikkje derfor professor Thomas meiner han ikkje held mål. Det er fordi metoden (fortolkande fylogeografi) har vist seg å ha så mange påviselige veikskapar – i motsetnad til Newtons mekanikk og dei andre eksempla professor Ravna viser til.
Det har vore store endringar i den genetiske vitskapens metodar og teknologi i tida etter at studien blei gjort: DNA-sekvensialisering av heile genom; «genotyping»; forbetra teknologi for å behandle oldtids-DNA. Mykje større datamengder er blitt tilgjengeleg, verktøya for å analysere dei er forbetra; metodane for dataanalyse og inferens er også forbetra. Alt dette har ført til meir detaljerte, sikre og nyanserte forståingar av populasjonshistorier.
I dag kan ein enkelt og billeg få fram data frå heile genomet, og dette er enormt meir informativt enn mtDNA. Det har aldri vore påvist at fortolkande fylogeografi er ein metode som faktisk verkar, ifølge professor Thomas.
Akkurat dei same problema er ifølge Thomas knytt til den langt nyare studien Ravna nemner (Kristjansson, 2022: «Evolution and disperspersal of mitochondrial DNA haplogroup U5 in Northern Europe»).
Professor Ravna skriv: «I Tambets’ artikkel er et sentralt funn at samisk DNA utgjør et helt unikt avvik i europeisk sammenheng. Spesielt dreier det seg om det samiske genet U5b1b1, som skiller seg fra alle andre europeiske gener. U5b1b1-funnet er like gyldig i dag som for 20 a°r siden, det er et funn som ikke kan foreldes.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.