«Gjennom ein serie reformer har forskjellane mellom universitet og høgskule gradvis blitt utviska»

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Redaktøren i Dag og Tid spør i førre nummer om vi treng fleire universitet. Det ligg i spørsmålet at han meiner vi ikkje gjer det. Det same meinte avisa 27. mai 2022 og 24. november 2023.

Problemet med ytringa er at redaktøren skriv som om det er viktige faglege skilje mellom «høgskular» og «universitet». Det er det ikkje.

Det var skilje ein gong. Gjennom ein serie reformer har likevel forskjellane gradvis blitt utviska, og under den førre regjeringa fekk Torbjørn Røe Isaksen gjennom ei samanslåing av ei rekkje høgskular (og universitet) som i endå større grad gjer skiljet uinteressant.

Universitet og høgskular er i dag styrte av dei same regelsetta og opererer i det same administrativt-politiske landskap, og det er dette landskapet vi må forstå når høgskular ynskjer å kalle seg universitet. Spørsmål om «det er mange nok», eller om «vi treng fleire», er avsporingar.

Om vi då ser vekk frå gamle minne, draumar og visjonar om kva det burde vere, kva «er» då universitet i landskapet av høgre utdanning? Det er ei form for namnestatus, tildelt av Kunnskapsdepartementet. Namnekategorien betyr gjerne noko for måten departementet organiserer kommunikasjonen med institusjonane på, men i så fall er det ikkje viktig. Det viktige er at eit slikt namneskifte skjer etter innstilling frå styret i Nokut, som gjer dette etter innstilling frå eit utval som handsamar ein søknad frå ein institusjon.

Min eigen arbeidsgjevar, Høgskulen på Vestlandet (HVL), har nett levert ein søknad om å bli vurdert til slik status, etter det regelverket Nokut forvaltar, og kva seier det eigentleg? Jo, det er ei lang opplisting av formelle krav som må oppfyllast. Dette er krav som berre kan glede ein ihuga tilhengar av formaliserte, byråkratiske teljekantregime. Det ligg på Nokut sine heimesider, heile papirmølla.

Det er vondt å tenkje på kor mykje tid og krefter som går med til å skrive ein slik søknad. HVLs papirbunke er på over 300 sider, og det er godt gjort å få det såpass nedkorta.

Spørsmålet er då kvifor institusjonelle leiarar i høgre utdanning vil seg sjølv dette?

Det openberre svaret er autonomi. Fridom frå Nokut, for det som faktisk er eit reelt skilje, er at det er dyrare, meir komplisert og meir tungvint å drive ein høgskule enn eit universitet. Dette kjem mellom anna av framgangsmåtane ein gjennom forskriftene må følgje for å få godkjent nye studium.

Omgrepet «sjølvakkreditering» inneber at ein institusjon som har eit godkjent doktorgradsprogram, kan godkjenne alle studium på bachelor- og masternivå som «under» dette programmet. Eg skal gje eit døme på korleis vi må gå fram for å få godkjent nye studium, og korleis dette vert påverka av akkreditteringsstatus: Sjølv var eg i si tid den første studieleiaren ved det første masterstudiet Høgskulen i Sogn og Fjordane og såg prosessen frå innsida. Det studiet vi då oppretta, vart godkjent av det dåverande departementet, og søknaden var på om lag 12 sider (Nokut var ikkje oppretta). Kjapt, enkelt og lite formalistisk. Hovudvekta kunne leggjast på utvikling av det faglege innhaldet i studiet.

For ei tid sidan såg eg søknad frå ein høgskule som ikkje var såkalla sjølvakkrediterande på det området ein ville opprette eit nytt masterstudium. Søknaden vart på mange hundre sider, to tjukke permar, som det låg uendeleg mykje arbeid bak. Så har eg vore med å utarbeide eit nytt mastertilbod i HVL, under den paraplyen vi er sjølvakkreditterande (eit doktorgradsprogram), og kan berre beskrive prosessen som (stort sett) kjapp og ubyrå1rsitet eller på høgskular).

Sett frå ein høgskule si side skapar dette institusjonelle landskapet sterke føringar for leiarane. Dei kan knappast lastast for å ynskje å redusere dei transaksjonskostnadene det medfører å ferdast i dette landskapet som høgskule og ikkje som universitet.